Løyver 2,2 milliardar til Ringveg Øst

Statsminister Erna Solberg (H) sleppte samferdselsnyheiter for media på Arna stadion tysdag. Med seg hadde ho Terje Breivik (Venstre), Helge André Njåstad (Frp) og Knut Arild Hareide.

Statsminister Erna Solberg (H) sleppte samferdselsnyheiter for media på Arna stadion tysdag. Med seg hadde ho Terje Breivik (Venstre), Helge André Njåstad (Frp) og Knut Arild Hareide. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

No kan det endeleg skje ting i Vågsbotn. Her er Erna Solberg sine NTP-lovnader for Hordaland.

DEL

Statsminister Erna Solberg (H) delte ut sentrale bitar frå Nasjonal transportplan (NTP), på Arna stasjon utanfor Bergen, tysdag.

Solberg kunne presentere nyheiter om E16 Arna-Stanghelle, Ringvei Øst, Sotrasambandet og Hordfast.

– Vi veit at det er mange utfordringar i dette fylket. Rasutfordringar, svingete vegar og jernbane, djupe fjordar og mange område med dårleg vedlikehald. Eg veit at forventningane til Nasjonal transportplan er store, og eg trur ikkje folk i fylket vil vere heilt fornøgde før vi bruker alle pengane i NTP her, spøkte statsministeren.

LES OGSÅ: - Er dette Norges smalaste veg der 18-20 000 bilar køyrer dagleg?

Ingen signal om E39 nordover

Med midlar til Ringveg Øst vil det skje ting i Vågsbotn, som på sikt igjen kan utløyse pengar til problemstrekninga på E39 frå Vågsbotn og nordover mot Nordhordlandsbrua.

Den lenge planlagde Nyborgtunnelen, som tidlegare har fått planleggingsmidlar, er det derimot ingen signal om pengar til.

E16 mellom Arna og Stanghelle er eitt av prosjekta som blir prioritert no. Risikoen for ras og stengde vegar, i tillegg til omkøyring som ikkje møter dei nødvendige krav, er bakgrunnen for at vegen blir prioritert, gjorde Solberg klart.

– E16 skal fullfinansierast over ein tolvårsperiode. Jernbanebiten brukar litt lengre tid, sa Solberg.

LES OGSÅ: Her vil staten ha to broer

2,3 milliardar i bompengar

Ringveg Øst frå Arna til Vågsbotn er eit anna samferdsleprosjekt som ligg høgt i bunken. Det er planlagt ti kilometer med firefeltsveg, og vegen vil bli finansiert med 2,2 milliardar kroner frå staten og 2,3 milliardar kroner i bompengar.

Hordfast skal også gjennomførast, men Solberg understreka at ein må vurdere kostnadsnivået. Opphavleg var kostnadsramma på 26 milliardar kroner, men prisen er no oppe i 43 milliardar.

Statsministeren har ein travel dag tysdag ettersom ho reiser landet rundt for å presentere samferdselssatsingar i Nasjonal transportplan (NTP).

Solberg starta dagen i Bodø saman med Dagrun Eriksen i KrF, Trine Skei Grande i Venstre og Kenneth Svendsen i Frp, der dei presenterte at byen får ny flyplass, melder NRK.

Seinare tysdag reiste statsministeren vidare til Bergen, der ho altså heldt pressekonferanse i Arna saman med Helge André Njåstad (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Terje Breivik (V).

– Brukar nær 1.000 milliardar

Ifølgje TV 2 skal regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre ha blitt einige om å sette av 928,7 milliardar kroner til samferdselsprosjekt dei neste tolv åra.

Løyvingane skal aukast med 3,4 milliardar kroner i året dei første seks åra, og 2,7 milliardar dei siste seks, melder kanalen.

Nasjonal transportplan er ein plan som gjeld i tolv år for transport i Noreg. Planen blir revidert kvart fjerde år.

Artikkeltags