Gå til sidens hovedinnhold

No får hurtigbåtpassasjerane venteskur

Artikkelen er over 4 år gammel

Venteskur for passasjerane til hurtigbåten blir eit av tiltaka på 2017-budsjettet til fylkeskommunen.

Fylkesutvalet i Hordaland har vore samla på Ullensvang hotel i Hardanger onsdag og torsdag. Der har eit fleirtal beståande av seks parti komme til einigheit om neste års budsjett for Hordaland fylkeskommune.

Det er Ap, KrF, Sp, SV, Venstre og Miljøpartiet de Grønne som kjem til å legge fram eit felles budsjettforslag i fylkesutvalet i dag. Det opplyser Hordaland KrF i ei pressemelding.

Eit av tiltaka som går direkte på Nordhordland er at det skal settast opp venteskur for passasjerane med hurtigbåten. Dette vil truleg komme i Knarvik då det allereie er fasilitetar for passasjerane på Frekhaug.

Også på Askøy vil det bli sett opp venteskur. Tiltaka blir sett i samanheng med busskur i Bergen og får totalt 4,25 millionar kroner i budsjettforslaget.

Ei anna tildeling til Nordhordland er kulturarrangementet Kystsogevekene, som får 100 000 kroner i støtte i budsjettforslaget.

– KrF er svært fornøgd med at vi har fått eit endå breiare flertal kor også to andre sentrumsparti stiller seg bak budsjettet. For KrF betyr det også mykje at vi har fått på plass midlar til fleire helsesøstre i skulen, og heile 20 millionar i investering til punktutbedring og trygge skulevegar, seier Pål Kårbø i ei pressemelding, gruppeleiar for KrF og fylkesvaraordfører.

Her er tiltaka politikarane framhevar:

  • Fjerne nattaksten (9 millionar)
  • Prinsippvedtak om ny sonestruktur. Innføring i 2018
  • Punktutbedring og trygge skulevegar (20 millionar)
  • Opprustning av busskur i Bergen, samt tiltak venteskur hurtigbåt Askøy og Nordhordland (4,25 millionar)
  • Styrke skulehelsetenesta ved dei skulane det er størst behov (2 millionar)
  • Redusere eigenbetaling for skule-PCar. (3 millionar)
  • Tannhelse, reduserte eigenandeler for ungdom mellom 20 og 21 år (1 million)
  • Ernæring i skule. Frukost til elevar. Prioritere skule med fråfall. (3 millionar)
  • Forprosjekt miljøteknologi ferje Breistein-Valestrandsfossen (1 million)

Kommentarer til denne saken