Sirill (22) tilsett som ny journalist i Avisa Nordhordland

– Eg er oppteken av å få fram nye synspunkt, og å snakke med unge kjelder. Eg er fascinert over sosiale medier og å formidle nyheiter der. Å nå ut til unge er eitt av mine største mål, seier Sirill Soltveit Heimdal, som nyleg vart fast tilsett som journalist i Avisa Nordhordland.

– Eg er oppteken av å få fram nye synspunkt, og å snakke med unge kjelder. Eg er fascinert over sosiale medier og å formidle nyheiter der. Å nå ut til unge er eitt av mine største mål, seier Sirill Soltveit Heimdal, som nyleg vart fast tilsett som journalist i Avisa Nordhordland. Foto:

Sirill Soltveit Heimdal (22) er tilsett som ny journalist i Avisa Nordhordland.

DEL

Sirill Soltveit Heimdal (22) frå Bergen har sidan februar jobba som vikar i Avisa Nordhordland. Frå juni har ho vore på plass som fast tilsett i redaksjonen saman med Irene Bratteng Fossheim, Morten Sæle, Yngve Garen Svardal og redaktør Trond Roger Nydal.

Ho er oppvaksen i Fyllingsdalen i Bergen, og har dei siste tre åra tatt journalistutdanning ved Høyskolen Kristiania i Bergen, kor ho no i år vert uteksaminert.

22-åringen har også erfaring frå BT, kor ho har vore tilkallingsvikar og hatt to månader praksis i BT Junior.

– Sirill er eit kjempetalent som har alle føresetnader for å bli ein verkeleg god journalist. Vi er glade for å ha fått Sirill med oss på det faste laget, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Sjølv fortel ho at interessa for journalistikk starta allereie i 8. klasse.

– Eg har alltid vore veldig glad i å skrive, samtidig som eg er nysgjerrig. Då eg starta på ungdomsskulen sende eg mitt første debattinnlegg til Bergens Tidende, og då vart eg biten av basillen, fortel ho.

Sjølvfølge å bli journalist

Heimdal gjekk medier og kommunikasjon på Metis vidaregåande skule i Bergen.

– For meg har det alltid vore ei sjølvfølge at eg skulle bli journalist. Det er eit yrke som passar meg godt, samtidig som eg er veldig motivert til å gjere ein god og grundig jobb. Eg er kritisk og ikkje redd for å stille kritiske spørsmål eller snakke høgt. Eg meiner det er ein viktig eigenskap, sjølv om eg nokon gonger heller burde halde ting inni meg, ler Heimdal.

– Eg er oppteken av å få fram nye synspunkt, og å snakke med unge kjelder. Eg er fascinert over sosiale medier og å formidle nyheiter der. Å nå ut til unge er eitt av mine største mål, legg ho til.

Gler seg til dei neste åra i Nordhordland

Heimdal seier ho trivest godt og allereie har møtt mange interessante menneske.

– Eg er veldig glad for at Trond valde å satse på meg, og at han har så stor tru på meg. Det betyr utruleg mykje og gir meg ein enorm motivasjon for å levere mitt beste. Resten av redaksjonen har også tatt utruleg godt imot meg, og gitt meg bakgrunnshistoria til mange forskjellige saker. Dette kan ikkje bli noko anna enn bra, sluttar Heimdal.

Heimdal har erstatta Camilla Aasen Bøe i Nh-redaksjonen.

Dersom du har tips til vår nye journalist kan du sende epost til sirill.heimdal@nordhordland.no.

Artikkeltags