Randi takkar av etter 26 år i Avisa Nordhordland

Mangeårig redaktør i Avisa Nordhordland, Randi Bjørlo, hadde sin siste arbeidsdag torsdag. No skal ho kun vikariere eit par veker i sommar før ho blir pensjonist. Foto: Trond Roger Nydal

Mangeårig redaktør i Avisa Nordhordland, Randi Bjørlo, hadde sin siste arbeidsdag torsdag. No skal ho kun vikariere eit par veker i sommar før ho blir pensjonist. Foto: Trond Roger Nydal

Artikkelen er over 3 år gammel

– Veldig rart, men veldig godt også, seier mangeårig redaktør i Avisa Nordhordland Randi Bjørlo som no blir pensjonist.

DEL

Torsdag hadde ho formelt sin siste dag på jobben for Avisa Nordhordland, avisa ho har jobba hardt for heilt sidan 1990. Med unntak av eit par vikarveker til sommaren, set ho punktum.

– Det er veldig rart å tenke på at eg sluttar i dag. Sjølv om eg har vore førebudd på at eg skulle det lenge, har bestemt det sjølv og innstilt meg på det, så er det veldig rart. Men det blir veldig godt også, seier Randi Bjørlo.

Skal gå tur kvar dag

Bjørlo fyller 62 år i sommar og går no over i pensjonistane sine rekker. Men ho planlegg på ingen måte å ta det piano i tida som kjem.

– Eg har ufatteleg mykje eg kan gjere, det er så mykje at eg ikkje har klart å landa alt. Men eg skal ta ting slik dei kjem, og så skal eg først øve meg på å bli pensjonist, for det kan eg jo ikkje, seier Bjørlo og smiler.

Ho er kjent for å vere glad i turar, blant anna har ho gått heile Noreg på langs.

– Eg er veldig glad i tur og friluftsliv, så det blir masse turar. Det blir det mykje av i dag, men no blir endå fleire. Eg skal gå mykje på tur, kvar einaste dag, røper ho.

Det er ingen løyndom at Radøy, der ho har eit småbruk, ligg hjartet hennar ekstra nærme.

– Ja, radværingen i meg er høgst levande, så der skal eg vere heile sommarhalvåret, slik eg har vore i mange år.

Starta som abonnementseljar

I jobbsamanheng har ho vore innom nær sagt alle roller i løpet av den lange karrieren i Avisa Nordhordland.

– Eigentleg begynte eg som abonnementseljar i 1982. Det var mitt aller første møte med Avisa Nordhordland. Den perioden vart ikkje så forferdeleg lang. Den gong fekk vi frykteleg mykje kjeft av folk då vi kom på døra og ville selja abonnement. Nordhordland var ein forholdsvis fersk nykommar, og folk var vane med Strilen, så det arbeidet var ikkje så kjekt å halda på med, fortel ho ærleg.

Åtte år seinare, i 1990 var ho tilbake, men då som redaksjonell medarbeidar.

– Først var eg frilansar, så blei det fast jobb i 1991 som journalist. Deretter vart eg redaksjonssekretær og redaktør i 1999, fortel ho.

Avisa var på den tida privateigd. Så blei den seld til dåverande Apressen, og Bjørlo vart utnemnd til såkalla «eineleiar», med ansvar for både redaksjon og marknadsavdeling frå 2006, ei rolle ho hadde fram til august i fjor.

– Fantastisk å bli størst

Gjennom alle år har det vore ein intens kamp mot Strilen, og avisene har veksla på å ha det største opplaget.

– Vi brukte 30 år på å bli størst. I 2004 gjekk vi forbi Strilen og vart største avisa i distriktet. Det var veldig stas, då hadde vi ti år med ei bratt kurve oppover på opplag. Det var fantastiske år, veldig kjekt, minnest den tidlegare redaktøren.

Situasjonen akkurat no er at Strilen har det største opplaget etter at begge avisene har hatt fleire år med tilbakegang på papir.

Det er svært sjeldan at nye aviser klarer å utfordra ein monopolist, men det skjedde altså i Nordhordland. Bjørlo forklarer det slik:

– Det som har prega denne avisa heile tida er folk sin ståpåvilje og folk si genuine interesse for arbeidsplassen sin. Folk har stått på, omstilt seg og kasta seg rundt. Dersom ein fekk ein idé, då var folk på med ein gong; «ja, det gjer vi». Det var aldri vanskeleg å få folk med på ting, det har vore veldig bra med å vere her, seier Bjørlo.

Veldig lange arbeidsdagar

Livet som einsleg redaktør kan også vere tøft, noko Bjørlo veit alt om. Det er prioriteringar til dagen og alle har ei meining om val som blir tatt.

– Det har vore både utfordrande og spennande å vere redaktør. Sjølvsagt har det også vore tøffe tak innimellom. Og veldig lange arbeidsdagar ofte.

– Ein redaktørjobb inneber ein del klager ...?

– Ja, folk klagar av og til, men når du får snakka med dei går det seg oftast til. Å møta folk med respekt, lytta til dei og svara så godt ein kan hjelper veldig ofte. Bildet er som regel litt meir nyansert enn du ser første gongen, seier ho.

– Papirmenneske

Heile mediebransjen er for tida inne i ein digital revolusjon, der store internasjonale aktørar som Facebook og Google kaprar inntekter norsk mediebransje lenge har hatt monopol på.

Lokalavisene rundt om kring er dei som held best stand i denne krigen, men også dei har fått merkbart tøffare tider dei siste åra.

– Korleis ser du på mediebransjen og avisa sine moglegheiter framover?

– Det er jo det store og spennande spørsmålet. Eg er litt glad for at eg har vore her den tida eg har. Eg er papirmenneske framfor nokon, og synest papir er det som er avis. Men eg ser jo at utviklinga er ei anna, og vi må utvikla oss vi som andre skal vi klare oss i denne bransjen, så det er ei veldig spennande tid som står føre avisa. Men korleis dette ender kan verken eg eller andre svare for, seier ho.

Trur ikkje på ei avis

Noko avissamanslåing i Nordhordland har ho ikkje tru på. Nordhordland er eigd av Amedia, som nyleg vart kjøpt opp av DNB-stiftinga, medan Strilen er eigd av Schibsted. Altså to rivaliserande konsern med kvar sine lokalaviser i ein region.

– I veldig mange år har folk spurt om kvifor det ikkje er éi avis i Nordhordland. Det har vore gjort nokre forsøk på i det minste å samsnakke, men det har aldri blitt noko konkret av det. Og eg trur slik ting er no, er det fjernare enn nokon gong. Begge avisene har forskjellige eigarar med ein annan struktur enn tidlegare, seier Bjørlo.

Siste dag blei markert med is i lunsjen og blomar, før det blir felles middag med kollegaene.

– Eg vil nytta anledninga til å seia takk til alle eg har jobba med i alle desse åra, det har vore fantastiske folk. Det er også ein fin gjeng som er igjen no når eg går ut døra. Eg ønsker dei lykke til, stå på! Ei takk også til alle lesarar og alle eg har møtt og samarbeidd med gjennom desse åra.

PS! Denne saka er skriven av noverande redaktør Trond Roger Nydal som tok over for Randi Bjørlo i august i fjor.

Artikkeltags