Har fått 650 nye familiemedlemmer

Redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, oppfordrar abonnentane om å dele den digitale tilgangen med familiemedlemmer. Arkivfoto: Morten Sæle

Redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, oppfordrar abonnentane om å dele den digitale tilgangen med familiemedlemmer. Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi oppfordrar alle til å dele abonnementet sitt med familiemedlemmer, seier redaktør i Avisa Nordhordland Trond Roger Nydal.

DEL

Alle abonnentar av Avisa Nordhordland kan dele abonnementet sitt digitalt med inntil fire familiemedlemmer i samme husstand. Også bortebuande studentar kan få tilgang til alt stoffet gratis på denne måten.

DEL ABONNEMENTET DITT HER

Ein får då tilgang til eavis (papiravis i elektronisk format), alle plussartiklar som er forbeholdt abonnentar på nordhordland.no og den nasjonale eavisa Rix som kjem ut seks dagar i veka, mandag-lørdag.

Meirverdi i abonnementet

Onsdag hadde 650 familiemedlemmer fått digital tilgang sidan ordninga vart oppretta.

– Vi er svært fornøgd med at så mange har valt å dele abonnementet sitt allereie, men potensialet er mykje større, så truleg er det mange som ikkje er klar over dette tilbodet, seier Trond Roger Nydal, redaktør i Avisa Nordhordland.

Redaktøren oppfordrar difor alle abonnentar til å dele sin digitale tiltgang, sjølv om dette i seg sjølv ikkje aukar inntektene til avisa.

– Dette tilbodet gir eit abonnement på Avisa Nordhordland ein stor tilleggsverdi, og den verdien er viktig for oss å få fram, forklarer Nydal.

Sommartilbod: Digitalt abonnement i 8 veker for kun 49 kroner

    Profileringsfilm for Avisa Nordhordland med Ananias Havrenakken. Video: Morten Sæle. Redigering: Eirik Hagesæter, BA.

    Lovar nyheitstrøkk

    Digital tilgang er ekstra aktuelt i desse ferietider der mange reiser bort.

    – Alle som vil stoppe eller omadressere avisa har moglegheit til å styre dette sjølv på «Mi side» på nordhordland.no. Dei som ønsker hjelp til dette eller opprette digital tilgang kan kontakte oss på tlf. 56 35 55 55, sende epost til redaksjonen@nordhordland.no eller komme innom lokala våre i Knarvik senter, seier redaktøren, som nyttar anledninga til å senda ut ei feriehelsing.

    Mi side

    – Vi ønsker alle lesarar, annonsørar og samarbeidspartnarar ein god sommar og lovar å oppretthalde nyheitstrøkket gjennom heile sommaren, seier Nydal.

    Artikkeltags