19 000 les Avisa Nordhordland i alle kanalar

– Eg tør påstå at aldri før har fleire nordhordlendingar lest Avisa Nordhordland når vi tel alle kanalar med, seier redaktør Trond Roger Nydal. Arkivfoto: Morten Sæle

– Eg tør påstå at aldri før har fleire nordhordlendingar lest Avisa Nordhordland når vi tel alle kanalar med, seier redaktør Trond Roger Nydal. Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Digital vekst overskyggar opplagsfallet, seier redaktør Trond Roger Nydal.

DEL

– Eg tør påstå at aldri før har fleire nordhordlendingar lest Avisa Nordhordland når vi tel alle kanalar med, seier Trond Roger Nydal, redaktør i Avisa Nordhordland, til eiga avis.

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) presenterte tirsdag digitale lesartal og opplagstal på papir for norske aviser. Tala til MBL viser at tilsaman 19 000 les Avisa Nordhordland på papir, nett og mobil.

– Dette er status quo i forhold til forrige måling i september, men her skal vi merke oss at MBL-tala er basert på spørreundersøkingar. Det vi veit med sikkerheit er at vi i januar hadde eit snitt på ca. 1500 fleire unike brukarar enn heile fjorårssnittet. Dette er sikre tal vi dagleg hentar ut frå Amedia sine eigne trafikkrapportar, seier Nydal.

Sette ny rekord

Nydal kan også avsløre at avisa sette ny rekord i antall lesarar digitalt i samband med asylmottakbrannen på Vågseidet i desember i fjor.

– Søndagen etter asylmottakbrannen på Vågseidet sette vi ny rekord med 18 890 sokalla «unike brukarar». Dette var ei heilt spesiell hending som naturlegvis ga mange nye lesarar i seg sjølv og gjorde oss aktuelle også på landsbasis, men journalistane som jobba brannatta og dagen etter, gjorde ein formidabel jobb og viste kva god journalistikk har å bety for å få lesarar, seier Nydal. 

Samtidig som avisa har nådd nye høgder digitalt, opplever Avisa Nordhordland som resten av norsk mediebransje at opplagstala går ned. Det siste året har opplaget gått frå 5334 til 4633 ved inngangen på 2016. Det er ein nedgang på 701, eller 13,1 prosent.

Med kjennskap til slike tal verkar det kansje noko underleg å legga vekt på digital vekst, men Nydal seier opplagstala ikkje fortel heile sanninga.

Difor går opplaget ned

– Det er aldri kjekt å oppleve ein slik tilbakegang. Forklaringane på det er fleire, men uansett er opplagstal no om dagen ei veldig teknisk sak der alle abonnentinntekter, både papir og digitalt, blir delt på ein snittpris og ein får ut eit tal i andre enden som ikkje er det reelle talet abonnentar. Også laussalet spelar inn. Det heile blir difor litt kunstig når vi internt forheld oss til heilt andre måletal resten av året, seier Nydal.  

– Men vi legg ikkje skjul på at i kroner og ører har inntektene frå papirabonnement gått noko ned. Difor satsar vi hardt og målretta på å få nye abonnentar digitalt, seier Nydal.

Nydal understrekar at redaksjonen framleis har fokuks på å lage solid papiravis onsdag og laurdag.

– Papiravisa vil vere viktig lenge enno, og for mange av dei som ikkje er på nett 24/7 er papiravisa den beste måten å få lokale nyheiter på. Vi skal heller ikkje gløyme at annonsene på papir også er godt stoff for mange. Det er difor ikkje snakk om å nedprioritere papiravisa, seier Nydal.

Abonnentane registrerer seg

Nydal vart tilsett i slutten av august i fjor, og sette raskt i gang eit arbeid med å lage ny strategi.  

– Gjennom hausten i fjor gjorde vi eit veldig godt strategiarbeid der alle tilsette vart sterkt involvert. Dette arbeidet er heilt i sluttfasen no, og vi ser allereie resultat. Kvar dag ser vi at abonnentar registrerer seg for å lesa avisa digitalt. Dette viser at det er betalingsvilje for innhaldet vårt, noko som er gledeleg, seier Nydal.

Strategien handlar om at dagens abonnementmasse registrerer seg med ein aID-brukar. Ein får då tilgang til alt innhald digitalt.

– Sidan vi starta dette arbeidet i slutten av november har vi meir enn dobla talet på abonnentar som har tilgang til alt stoffet vårt digitalt, og veksten held fram, seier Nydal. 

500 nye familieabonnentar

Eit nytt tilbod for dei som registrer seg er at ein kan dela abonnementet med inntil fire personar i same hustand.

– Vi har fått nær 500 nye familiemedlemmer, men desse tel ikkje med i opplagstala. Dette viser at vi også er relevante for dei yngre målgruppene. Så er det slik at ein alltids kan bli betre, og det skal vi bli. På alle områder, seier Nydal.

Redaktøren blir ikkje mindre sterk i trua av at søsteravisene i Amedia-systemet lykkast.

– Målet i år er å auke talet på abonnentar. Vi ser no at ei rekke av avisene i Amedia som har starta dette løpet tidlegare enn oss får resultat. I fjor hadde 39 av 62 aviser vekst i talet på abonnentar. Dei fleste av desse har vore tidlegare ute enn oss. Vi gir full gass for å vere på plussida om eit år, seier Nydal.

Strilen går tilbake

Konkurrenten Strilen har også ein tilbakegang i opplag. Med ein nedgang på 223 eksemplar endar dei på 4823. Dermed kryp dei forbi Avisa Nordhordland - målt i opplag.

– Vi har fokus på oss sjølve og korleis vi skal bli betre. Konkurranse er berre sunt og kjekt. Folk i nordhordland er priviligerte som har to så gode lokalaviser, seier Nydal.  

Lesartala til Avisa Nordhordland:

Papir/nett/mobil: 19 000

Papir/nett: 18 000

Papir: 15 000 (+1)

Nett: 6000 (-1)

Mobil: 3000 (+1)

Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening (MBL)

Artikkeltags