Norled varslar om redusert kapasitet på ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg tysdag morgon. Det er avgangen klokka 09.15 frå Leirvåg som vil gå med redusert kapasitet.

Årsaka er transport av farleg last. Maksimalt 25 personar får difor vere med på denne avgangen.

Seinast søndag søndag kveld vart to avgangar over Fensfjorden kansellert på grunn av naudsynt vedlikehald.