Varslar redusert kapasitet på Leirvåg - Sløvåg

Artikkelen er over 1 år gammel

Redusert kapasitet på 12.15-avgangen frå Leirvåg.

DEL

Det vert redusert kapasitet på ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg på klokka 12.15-avgangen frå Leirvåg.

Det melder ferjeselskapet Norled onsdag formiddag. Årsaka er transport av farleg last.

På denne avgangen er det maks tillate med 25 passasjerar om bord.

Det er ferje MS «Melderskin» som trafikkerer sambandet.

Artikkeltags