Gå til sidens hovedinnhold

Startar seks månader lang ryddeaksjon i strandsona

Neptun Pensjonistklubb har sett i gang storaksjon mot plastureining

Artikkelen er over 4 år gammel

Pensjonistklubben planlegg seks månader lang ryddeaksjon i Austrheim.

Neptun Pensjonistklubb har teke initiativ til ein storaksjon mot plastforureining i strandsona. Dei ser føre seg at dei kan ha eit koordineringsansvar i forhold til lag, organisasjonar og enkeltpersonar som ønsker å delta i ryddedugnaden i skjergarden.

Frå april til oktober

Aksjonen skal gjennomførast i perioden 1. april til 1. oktober. I område med hekkande fugl vil ein då rydde fram til om lag 1. mai, og fram til hekkesesongen er over.

– Neptun har alt sett i gang ei kartlegging av skjergarden i kommunen og merka av fjære og strender som er mykje forsøpla. For å sikra at ryddeaksjonen vert effektiv, kan ein kontakta Neptun for å avtala ryddeområde, skriv leiar i pensjonistklubben, Idar Hopland i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Samla trillebårer med søppel på kun 200 meter

Ordna med transport

Neptun har alt hatt fleire møte med NGIR for å få til ei effektiv innsamling og transport av plast som vert rydda opp. Det vil bli etablert hovudstasjonar for innsamla boss på næringsområdet på Langøy, Stavsundholmen og Molokaien på Fonnes.

– På desse stadane vil NGIR plassera ut konteinarar. NGIR deler også ut søppelsekkar og storsekkar som kan nyttast til plastinnsamlinga. Desse kan ein få på gjenbruksstasjonen på Litlås, på servicekontoret på kommunehuset og hjå Håkon Sætre i bua i Budalen. Der er det også lagra jernriver og greiper, opplyser Neptun pensjonistklubb.

Storsekkane kan ein anten transportera til ein stad der bossbilane til NGIR kjem fram, eller melda frå til Neptun. Dei har avtale med Jan Øksnes som vil nytta M/S «Evjegris» til å henta innsamla boss og transportera dette til ein av hovudstasjonane.

LES OGSÅ: Då gutane høyrde om kvalen med plastikk i magen, tok dei affære. – Eg vil ikkje at dyr skal døy

Samarbeid med fleire

Neptun samarbeider med alle skulane og barnehagane i kommunen om ryddeprosjektet. Dei har også avtalar med ei lang rekke småbåteigarar som vil hjelpa til med å transportera elevar og andre ut til ryddeområda. Dersom ein treng hjelp til transport, kan ein ta direkte kontakt med båteigarane. Fonnes Båtservice as vil også hjelpa Neptun med transport av utstyr og personell.

– Frivillige som er med på ryddeaksjonen, må kle seg i forhold til vêr og arbeid. Ta gjerne med eigen redningsvest. Mat og drikke må ein også ta med seg, oppfordrar Neptun pensjonistklubb.

Kommentarer til denne saken