Redusert kapasitet på ferjesamband måndag morgon

Artikkelen er over 1 år gammel

Farleg last på Leirvåg - Sløvåg.

DEL

Det vert redusert kapasitet på sambandet Leirvåg - Sløvåg på avgangen 06.15 frå Leirvåg måndag 19. februar.

Det melder ferjeselskapet Norled søndag kveld.

Årsaka er transport med farleg last. Maks tolv passasjerar blir dermed tillate på denne avgangen.

Artikkeltags