Raida motorsportklubben i ferien - utstyr for opp mot 100 000 vekke

Tjuvane har klipt av festet til ein hengelås og deretter brote opp døra som var låst med vanleg lås. Foto: Privat

Tjuvane har klipt av festet til ein hengelås og deretter brote opp døra som var låst med vanleg lås. Foto: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

– I verste fall må vi utsette oppstarten med køyring til hausten på grunn av dette, seier Steinar Kopperdal i Austrheim Motorsport Club.

DEL

Tjuvar har nytta ferien til å bryta seg inn i ei brakke som tilhøyrer motorsportklubben i Austrheim. Ustyr for mellom 50 000 og 100 000 kroner er no vekke.

– Vi stengde av 22. juni, då tok vi sommarferie i klubben. Mandag 11. juli var vi bortom og skulle berre ha ei lita morotrening. Då vart det oppdaga at ytterdøra inn til brakka var opna, seier Steinar Kopperdal til Avisa Nordhordland, nestleiar i Austrheim Motorsport Club.

Det viste seg at døra var broten opp og at det dreia seg om eit frekt tjuveri.

– Dei har klipt av festet til hengelåsen og i tillegg brote opp døra som var låst med vanleg dørlås. Så har dei entra brakka og eigentleg plukka med seg det meste som var der inne, seier Kopperdal.

Han fortel at mesteparten av køyre- og sikkerheitsutstyret er vekke. Vi snakkar her om hjelmar, brynjer, sko og nakkekragar. I tillegg er det teke mykje verktøy, kompressorar og eit kontantbeløp på mellom 1500 og 2000 kroner som låg oppbevart i brakka.

– Dei har forsynt seg godt for å seia det slik, seier Kopperdal.

Onsdag ettermiddag bestemte motorsportklubben seg for å utlyse ein dusør på 5000 kroner for dei som kjem med tips eller spor som resulterer i oppklaring.

Verdt mellom  50 000 og 100 000

– Korleis opplevast dette?

– Det er kjempetrist. Ein del av utstyret er privateigd. Vi har ei grei ordning på at ungane kan komme og henge frå seg utstyret her. På den måten lettar vi litt på arbeidet til foreldra, ved at dei slepp å transportere dette utstyret til og frå kvar trening, fortel Kopperdal.

Klubben har dessutan kjøpt inn mykje utstyr for at potensielle nye medlemmer skal sleppe å kjøpa inn nytt utstyr når dei skal teste om sporten er noko for dei. 

– Dette øydelegg forferdeleg mykje for klubben, for alle dei som er fem år og oppover, seier Kopperdal.

Klubben har ca. 30 aktive køyrarar.

Kopperdal anslår verdien av utstyret som er stole til mellom 50 000 og 100 000 kroner. Tjuveriet er meldt og poltiet har vore på staden.

– Vi hadde politiet ute mandag. Dei har tatt bilde, DNA-prøver og gjort sine undersøkingar, seier Kopperdal, som har avventa med å gå ut med nyheita for å sjå om noko av utstyret dukkar opp til sals på nettet.

Onsdag tok han likevel kontakt med Avisa Nordhordland.

– Skal vi få ei oversikt over kven som har mista noko, må vi informere breidt ut, seier Kopperdal.

Trur tjuvane er lokale

Han mistenker lokale kjeltringar for å stå bak.

– Eg trur ikkje det er ein omreisande bande som har vore der, for å seie det slik. Det går på kva utstyr som er teke og kva som ligg igjen.

For det merkelege er at sjølv om mykje er borte, ligg der dyrt, og faktisk endå dyrare utstyr igjen.

– Dei har for eksempel teke ei sikkerheitsbrynje som kanskje kostar 650 kroner på Biltema, men så heng der igjen ei rett ved sidan av som kostar 4000 kroner. Det samme er tilfellet med nokre nakkekragar til 2000 - 3000 kroner, forklarer Kopperdal.

Også verktøy ligg igjen.  

– Dei har teke ein god del verktøy, men mykje verktøy ligg framleis igjen. Om det hadde vore ein omreisande bande, trur eg dei hadde tatt med seg alt. Skal eg vere heilt ærleg, trur eg tjuvane høyrer til i nærområdet, seier han.

Brakka ligg tett på kunstgrasbana på Austrheim, der det er mykje aktivitet frå tidleg morgon til seint på kveld.

– Den ligg for så vidt i eit opent område, der folk ferdast nesten heile døgnet. Der er trening heile tida, så eg vil tru at dette har skjedd på nattestid, seier han.

– Er der kamera?

– Nei, men der er satt opp sensorbelysning, og dei er bøygde vekk, så dei har vore obs på dei i alle fall. Tjuvane har nok vore der før, seier Kopperdal og fortel at brakka har hatt to uoppklarte innbrot tidlegare. Dei gongene har ingenting blitt fjerna.

Nytt og komplett utstyr to treningar

Uheldigvis for klubben er det lite truleg at forsikringa dekkar tapet. 

– I utgangspunktet så er ikkje utstyret forsikra. Vi hadde eit håp om at dette skulle bli dekka av innbuforsikringa til kvar enkelt, så vi har ei lita sak med forsikringsselskapet, men forleøpig ser det ikkje så lyst ut.

– For enkelte er det eit ganske stort økonomisk tap. Med hjelm, sko og anna utstyr kan ein rekne mellom 7000 og 10 000 kroner per køyrar. Har du to eller tre som er med, så blir det eit ganske stort økonomisk tap, seier Kopperdal.

– Kva konsekvensar får dette for klubben om utstyret ikkje kjem til rette?

– Pengane skulle vi bruke til kursing av nye aktivitetsleiarar og vedlikehald av bana. I verste fall kan vi måtte utsette heile oppstarten med køyring på grunn av dette. Ein av medlemmene våre fekk komplett nytt utstyr foran dei to siste treningane. Han er no skikkeleg nedfor. Oss vaksne forstår jo kva dette går i, men det er ikkje så lett å forklare ein seksåring at alt ustyret er vekke, fortvilar Kopperdal.

Nordhordland lensmannskontor var stengt då Avisa Nordhordland vart kjent med denne saka.

Artikkeltags