Plettfri alkoholkontroll i daglegvarebutikkane

Artikkelen er over 1 år gammel

Daglegvarebutikkane i Austrheim hadde alt på stell.

DEL

I løpet av romjula sjekka alkoholkontrollørar salsløyva til fire butikkar i Austrheim, og alle kom gjennom utan plett og lyte.

Butikkane som fekk besøk på denne runden var Joker Austrheim, Coop Mastrevik og naboane Spar og Rema 1000 Mongstad.

Når kontrollørane frå alkoholkontrollen sjekkar stoda i einskilde butikkar, ser dei på om det oppheld seg openbart rusa personar i lokalet, om personar under 18 år får kjøpt alkoholhaldige varer og om salstidene for slike varer vert haldne.

Kontrollørane fant ingenting å merke.

Artikkeltags