Nordhordlending stoppa i stolen brannbåt etter lang jakt til sjøs

Slik ser båten som nå er meldt stjålet ut.

Slik ser båten som nå er meldt stjålet ut. Foto:

Av , og
Artikkelen er over 3 år gammel

Oppdaga i Austrheim-området. Vart stoppa nord for Sognefjorden.

DEL

Mannen som er mistenkt både for båttjuveri og køyring i rusa tilstand er frå Nordhordland.

– Vi har pågripe ein mann i 30-åra frå Nordhordland, stadfestar operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, overfor Avisa Nordhordland.

Oppdaga i Austrheim

Aluminiumsbåten har 150 hestekrefter og er verdsatt til ein halv million kroner. Den forsvann frå båtplassen Straumane i Blomvåg i Øygarden ein gong mellom torsdag klokka 15.00 og fredag klokka 09.00, skriv BA.

Det blei sett igang ein leiteaksjon for å finne den igjen.

– Brannvesenet var ute og kikka etter båten, og den blei oppdaga i Austrheim-området i går ettermiddag, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen til BA.

Båten var i fart på sjøen, og hadde kurs tilbake mot Øygarden då den blei observert. Kystvakta la seg etter, og fekk til slutt stoppa mannen.

Tom for drivstoff

Då båten stoppa hadde dei kryssa Sognefjorden, og var komt heilt til Utvær i Ytre Solund.

– Det gjekk litt på kryss og tvers der oppe. Både politibåten og Kystvakta bisto, og klokka 01.57 fekk vi melding om at Kystvakta hadde kontroll på personen og båten, seier Samsonsen.

Båten var tom for drivstoff ved Utvær, og mannen blei etter kvart overtatt av politiet. Han skal framstillast for varetektsfengsling.

LES MER: Brannvesenets splitter nye båt er sporløst forsvunnet 

Mannen er i 30-åra og mistenkt både for båttjuveri og for å ha køyrt båten i rusa tilstand.

– Er det skadar på båten?

– Det har vi ikkje fått undersøkt enno. Det vil vi sjå nærmare på når vi får den inn til land.

Saka held fram under kartet.

Blei levert i mai

Båten er på 23 fot og har ein motor med 150 hestekrefter. Brannsjefen i Øygarden, Jan Gaute Haug, fortell at brannvesenet fekk aluminiumsbåten levert tidlig i mai.

Dei har etter dette drive med opptrening, så båten har enno ikkje vore i full drift.

Båten skal koste mellom 500.000 til 550.000 kroner.

Artikkeltags