Løe med gassflasker stod i full fyr - evakuerte nabobygningar

Artikkelen er over 1 år gammel

Skarpskyttar vart sendt frå Bergen til Austrheim.

DEL

I 20.30-tida måndag kveld melde 110-sentralen i Hordaland om brann i ei løe på Lagmannsneset i Austrheim. Brannmannskap frå Austrheim og etter kvart Radøy vart sendt til staden, melder Bergens Tidende.

Det skulle etter kvart vise seg at situasjonen var alvorleg då det var lagra gassflasker med acetylen inne i løa.

Seint måndag kveld var det starta evakuering i ein radius på 300 meter frå løa.

«Løa på Lagmannsneset er overtent. Melding om acetylen flaske lagra i bygget gjer at eit område med radius på 300 meter blir evakuert. Dette jobbar no brann og politi med. Helse er også på plass med ambulanse», melde 110-sentralen litt før klokka 21.30.

– Situasjonen har no utvikla seg til meir alvorleg. Løa er tapt, den har begynt å rase saman. På grunn av fare for sprengning driv ikkje brannmannskapa med noko meir sløkking, sa Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen til BT i 21.30-tida.

Han kunne då ikkje seie noko om kor mange personar som er evakuert eller årsaka til brannen.

Det skal ikkje ha vore verken folk eller dyr i løa, ifølge politiet.

Klokka 22.43 melde 110-sentralen at brannen var sløkt og gassflaskene så kalde at det ikkje lengar var vare for omgivnadane.

«Brannen er sløkt. Gassflaskene er identifisert og så kalde no at det ikkje er fare for omgivnadane. Innsatsleiar for brann i Austrheim melder at situasjon er under kontroll.», skriv 110-sentralen.

Artikkeltags