Ferje har gått på grunn – passasjerar måtte evakuerast

MF «Fedjefjord» gjekk tysdag kveld på grunn like ved ferjekaia på Sævrøy. Foto: NH-tipsar

MF «Fedjefjord» gjekk tysdag kveld på grunn like ved ferjekaia på Sævrøy. Foto: NH-tipsar

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

Norled-ferja til Fedje har gått på grunn ved Sævrøy kai.

DEL

Ferja MF «Fedjefjord» gjekk på grunn like ved Sævrøy kai seint tysdag kveld.

– Det er iverksett evakuering av passasjerar, opplyser politiet.

Det er ikkje kome inn meldingar om skadde personar.

– Ferja skal ha gått på grunn fem meter frå kai, opplyser vaktkommandør Arne Corneliussen ved 110-sentralen til BA.

Fem personar måtte i livbåt

Fem passasjerar har blitt frakta frå ferja i livbåt.

– Vi fekk melding om hendinga klokka 22.12. Fem passasjerar er frakta til land. Mannskapet er om bord på ferja, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til BA.

Det er meldt om ein del oljesøl på staden. Politi og brannvesen er på staden og skal vere i gang med å leggje ut lenser.

Norled-ferja MF Fedjefjord betener sambandet Fedje/Sæverøy.

Gjekk opp i brann

– Dette er forbanna trasig, seier regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker til BA seint tysdag kveld.

Reserveferja til «Fedjefjord» var egentlig MF «Strand». Den fekk enorme skadar i ein brann ved Rubbestadneset i slutten av oktober og er totalt ubrukeleg.

– MF «Utne» kjem til å bli tatt ut av Kvandal - Utne og sett inn på Fedje - Sævrøy. På Kvandal - Utne går allereie MF «Fitjar» ekstra på grunn av ei vegstenging. Den blir hovudferja der no, seier Utåker.

Bekymra for propellanlegget

Utåker har ikkje oversikt over kva som skjedde då «Fedjefjord» grunnstøtte. Det er ikkje meldt om spesielt dårleg vêr eller skodde då den skulle legge til kai.

– Propellanlegget er nok skadd. Det har lekka olje derifrå, men det har ikkje lekka drivstoff. Vi har kontakt med ein taubåt, men vi ventar nok med å frigjere ferja til det blir høgvatn onsdag morgon, seier han.

Han kan ikkje sei noko om kor lang tid det vil gå før «Fedjefjord» er operativ igjen.

– Vi er bekymra for propellanlegget. Det vil nok gå ein del tid.

Artikkeltags