Norled melde torsdag ettermiddag først at Fedje-ferja måtte innstille ein rundtur grunna tekniske problem.

Dei melde då at det var avgangane frå Sævrøy klokka 15.15 og frå Fedje klokka 15.50 som utgår.

Kort tid etter kom dei med ei ny melding om at ferja var innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.

Ca. klokka 16.45 var ferja tilbake i drift.

Både vêr og tekniske problem har ved fleire anledningar skapt problem for dei som skal til og frå Fedje den siste tida.