Eureka Pumps trur på opptil 30 nye arbeidsplassar

2,5 millionar kroner har Eureka Pumps investert i etableringa på Mongstad. Onsdag var duka for offisiell opning. Foto: Gro Anette Fanebust

2,5 millionar kroner har Eureka Pumps investert i etableringa på Mongstad. Onsdag var duka for offisiell opning. Foto: Gro Anette Fanebust

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Direktør i Eureka Pumps, Øystein Solberg, ser føre seg at verksemda kan få 20 til 30 nye arbeidsplassar i løpet av dei fem neste åra.

DEL

Åtte uker Nh+ til kun 49 kr - Bestill her!

– Det er basert på erfaring frå andre lokalitetar, seier Solberg i Eureka Pumps til Avisa Nordhordland.

Onsdag opna verksemda opp ei avdeling på Mongstad, midt i nedgangstida. Dette skjer altså dagen etter at det vart kjent at Norsk Gjenvinning på Mongstad legg ned og nær 30 tilsette mistar jobben.

– Eureka Pumps hadde eigentleg slått frå seg å satsa på Mongstad grunna dårlege tider, men etter oppmuntring frå næringslivet i regionen og frå Statoil, valde ein å satsa likevel. Det er tøffe tider å satsa på, men ein må satsa for å få noko til, seier Inger Karine Kårdal, prosjektleiar for Eureka Pumps på Mongstad.

Ho er foreløpig ein av tre faste tilsette som vil vera stasjonert på Mongstad. Verksemda vil også bestå av ei reisegruppe som kjem frå ulike stader i landet der Eureka Pumps har avdelingar.

– Går alt som det skal, så kan dette skape mange arbeidsplassar med tida, seier Kårdal.

LES OGSÅ: Norsk Gjenvinning må legga ned - 30 misser jobben

2,5 millionar investert

2,5 millionar er investert i etableringa på Mongstad, og Eureka Pumps leiger lokala frå Haugen Eiendom. Eureka Pumps satsar på reparasjon, service og vedlikehald av pumper, alt frå mindre kloakkpumper, til sjøvass-løftepumper på 26 tonn.

– Vi vil også driva med re-engineering og re-rating, som betyr at vi tek koordinat av gamle pumper og støyper nye pumpedelar, fortel Kårdal.

Eureka Pumps er den einaste norskeigde pumpeverksemda i Norge, og har 160 tilsette på landsbasis. Verksemda har avdelingar i Hammerfest, Kristiansund, Råde, Stavanger, Fornebu og Sørumsand. Dei har også avdelingar i utlandet.

Satsar lokalt

Direktør for ettermarknad på fagspråket, Øystein Solberg, lovar samarbeid og utvikling av lokale leverandørar på Mongstad.

– Vi kjem til å bruka lokale tilbydarar og tenester. Alt vi kan gjera her på Mongstad, kjem vi til å gjera her, forsikrar han.

Mandag signerte selskapet ny avtale med Statoil for to nye år. Dei samarbeider dessutan med oljeselskapa Lundin Petroleum, Conco Phillips, BP, Repsol, Wintershall, Eni, og Nexans.

LES OGSÅ: – Alvorleg bekymra for arbeidsløysa

Dristige

Eureka er historisk sett den største leverandøren av pumper på norsk sokkel, og har lang offshore erfaring.

Eureka Mekaniske og Elektriske verkstad starta opp i det små heilt tilbake i 1890 i Brænderiveien 3 med berre fire tilsette. Ingeniør G. Hartmann kjøpte verksemda 24. januar 1898 og endra namnet til Eureka Mekaniske Verksted.

– Å ønske velkommen til ei industriverksemd med over 100 år gammal historie, det varmar eit gammalt strilehjarta, sa ordførar i Austrheim, Per Lerøy, då han ønskte verksemda velkommen til kommunen og til Mongstad.

Han fekk æra av å stå for opninga, saman med fungerande ordførar i Lindås, Nina Bognøy.

– De er dristige som tør satsa i desse dagar, men eg håpar og trur verkeleg at det vert ei lykkeleg investering, sa Lerøy, som lova å vera gode vertskommunar for næringslivet.

Røkke er medeigar

Eureka Pumps har kontoradresse på Lysaker i Oslo. Ifølge regnskapstall.no omsette konsernet i 2014, som er siste tilgjengelege rekneskap, for 921 millionar kroner. Av dette leverte selskapet eit årsresultat på 55,6 millionar kroner.  

Kjell Inge Røkke er indirekte involvert i selskapet. Eureka Pumps er 100 prosent eigd av Align AS, der Aker Capital II AS eig 38,8 prosent av aksjane. Dette selskapet er eigd 90 prosent av Aker ASA der Kjell Inge Røkke er hovudeigar.  

Artikkeltags