Brubyggarane sloss mot vêret

STAS: - Det vert sikkert tøft å sei at eg har vore med og bygd brua, seier Raymond Fanebust (t.h). Iver Halland er samd. foto Randi Bjørlo

STAS: - Det vert sikkert tøft å sei at eg har vore med og bygd brua, seier Raymond Fanebust (t.h). Iver Halland er samd. foto Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

AUSTRHEIM: Dei jobbar med eit veldig spennande oppdrag. Men vêret i haust har ikkje nett spelt på lag.

DEL

– Dette er det kjekkaste eg har vore med på i skuletida, seier Iver Halland (17).

Han går Vg2 byggfag på Austrheim vidaregåande og i lag med medelevar frå klassen og frå Vg1 er han i ferd med å bygga ei skulpturell minibru som skal plasserast i den nye parken framfor rådhuset.

– Eit spesielt prosjekt

– Kvar dag har vi jobba med prosjektet som er både gøy og utfordrande. Nett no ser brua veldig skeiv ut, men ho skal vera bein når vi er ferdige, seier han.

Raymond Fanebust (16) i Vg1 seier dei har venta lenge på vêret, og enno er ikkje beisen som kom på for nesten ei veke sidan, skikkeleg tørr.

Korleis har det vore å jobba med eit slikt spesielt prosjekt?

– Det vert sikkert tøft etterpå å sei at den har eg vore med og bygd, seier Raymond og får bifallande nikk frå Iver.

Samarbeid

Den skulpturelle minibrua er ein miniatyr av brua som Kunsthøgskulen i Bergen laga og som Bjørn Rune Markhus har sikra seg. Minibrua, som er 15 meter lang og 6 meter høg, er eit samarbeidsbeidprosjekt mellom Kunsthøgskulen, Kunsthuset i Austrheim og Austrheim vidaregåande.

– Vi begynte på prosjektet som er finansiert via sponsormidlar, i veka etter haustferien, men har ikkje nett hatt vêret på vår side, seier faglærar Tore Reigstad.

– Elevane synest dette er eit spennande prosjekt, og ingen av oss har gjort noko liknande tidlegare, seier han og fortel om korleis materiala frå Fusa er blitt forma, og korleis Tove Veidung frå Kunsthuset har engasjert seg i fargevalet.

– Brua er bygd for å vara i 30 år minimum, og det er meininga at folk skal kunna gå på den for å kryssa over dammen i parken, seier Reigstad.

Han legg til at elevane har fått knytt inn mange ulike fag i brubygginga som er blitt eit visningsprosjekt for andre vidaregåande skular.

Må fjerna kraftliner

Kor tid den flotte bruks-skulpturen som skal lyssetjast kjem på plass, er avhengig av kor tid beisen er skikkeleg tørr, kranbil kan vera på plass og kraftlaget er klar til å fjerna linjer før transporten bort til Austrheimparken kan starta. Det blir ein spennande dag.

Når bruprosjektet er i hamn, skal byggfagelevane byrja på neste prosjekt, som vert flytting av to gamle skulestover. Også det ei spesiell utfordring.

Artikkeltags