Bil med tre personar køyrde av vegen - luftambulanse sendt til staden

Artikkelen er over 1 år gammel

Sjåføren skal ha fått illebefinnande, ifølge politiet.

DEL

18:46: Politiet melder at sjåføren er frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse, medan dei to passasjerane er fysisk uskadd. Naudetatane er ferdig på staden og politiet opprettar sak.

Like over klokka 17 tysdag melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke ved Fonnes i Austrheim kommune.

Ein bil har køyrd av vegen, og skadeomfanget er foreløpig ikkje kjent. Naudetatane, samt luftambulanse, vart sendt til staden, melder politiet på twitter.

Brannvesen og ambulanse er framme på staden og førar blir tatt hand om av helsepersonell. Dei har enno ikkje opplysningar om helsetilstand.

Ca. klokka 17.45 melder politiet at sjåføren kan ha fått eit illebefinnande.

«Forleøpig informasjon tiseier at førar har fått eit illebefinnande og køyrd av vegen i låg fart. Eit køyretøy er involvert, tre personar i bilen. Luftambulanse på veg til staden.»

– Mannen var først meld fastklemt, men det stemte ikkje. Han har mest sannsynleg fått eit illebefinnande. Ein av passasjerane viser symptom på sjokkskadar. Ulykka har skjedd i eit bustadområde, seier operasjonsleiar Vibeke Næss, i Vest politidistrikt til BT.

Vakthavande brannmann i Austrheim, Bjørn Bråthen, fortel til Avisa Nordhordland at bilen sannsynlegvis har sklidd av vegen.

– Det var 30-sone på staden, så farta har vore låg heldigvis, seier han.

Artikkeltags