Austrheim kan få ny brannbil - heilt gratis!

Det er nok mange brannmenn som drøymer om ein slik slukkebil. No skal Gjensidigestiftelsen gje vekk tolv slike, og brannvesenet i Austrheim kan bli blant dei heldige. Foto: Gjensidigestiftelsen

Det er nok mange brannmenn som drøymer om ein slik slukkebil. No skal Gjensidigestiftelsen gje vekk tolv slike, og brannvesenet i Austrheim kan bli blant dei heldige. Foto: Gjensidigestiftelsen

Artikkelen er over 3 år gammel

Gjensidigestiftelsen gir vekk 37 nye brannbilar til ein samla verdi av 190 millionar kroner.

DEL

Gjensidige Forsikring feirar i år 200-årsjubileum, og i den anledning har selskapet sin største eigar, Gjensidigestiftelsen, bestemt seg for å gje ei stor gåve til det norske folk. Gåva blir kalla for «Det store brannløftet».

Og det er på ingen måte ein bløff. I alt vil stiftelsen gje vekk utstyr for 350 millionar koner for å profesjonalisere norsk brannvesen ytterlegare, melder stiftinga i ei pressemelding.

Ein del av gåva er altså 37 splitter nye brannbilar. Tolv er slukkebilar i klassisk forstand, 24 er framskutte rykkebilar og det er også ein dykkarbil som skal delast ut.

Store skilnader på utstyret

Brannvesenet i Austrheim blir no oppfordra til å søka om utstyrspakkar på direkte oppfordring frå Gjensidigestiftelsen. 

– Vi ønsker å seia i frå til kommunane og brannvesenet om at det er mogleg å søka om ustyr. Så har vi plukka ut nokre rundt om kring for å bevisstgjera kommunane om denne moglegheita. Vi veit også at det er stor forskjell på utstyret til brannvesenet som er organisert gjennom store interkommunale einingar til dei litt mindre einingane, seier Mørk til Avisa Nordhordland.

Kommunane må søka innen utgangen av april. Brannbilane skal vera ferdig produsert i slutten av august, og i begynnelsen av september blir det klart kven som stikk av med dei verdifulle gåvene.

– Vi ser nok at behovet kanskje er større enn dei 37 bilane vi har, men vi meiner at vi i hvert fall skal sørge for eit betydeleg løft for norsk brannvesen, seier Mørk.

Prislapp på fem millionar

Ein stor sløkkebil kostar i snitt fem millionar kroner. I tillegg dekkar Gjensidigestiftinga alt vedlikehald og service dei første fem åra, blir det opplyst i pressemeldinga. 

«Brannvesenet er eit kommunalt ansvar, og stram kommuneøkonomi kan gjera det vanskeleg å prioritera oppgradering for eksempel innan brann- og redningstenesta. Difro ønsker vi å gje ei handsrekning i form av frie midlar slik at brannvesen som verkeleg treng ny brannbil no har moglegheit til å få det via «Det store brannløftet», seier administrerande direktør i Gensidigestiftinga, Unn Dehlen i pressemeldinga.

Det har ikkje lukkast Avisa Nordhordland å komma i kontakt med Austrheim sin brannsjef Rolf Henning Myrmel torsdag formiddag. Heller ikkje ordførar Per Lerøy eller rådmann Jan Olav Osen har vore tilgjengeleg.

Du kan lesa meir om Gjensidige sin jubileumsgåve på brannloftet.no.

Avisa Nordhordland kunne nyleg melde at Radøy kommune har fått ny brannbil. Dette er ei investering kommunen har stått for sjølv. Denne kosta ca. 3,4 millionar kroner og sørger for ein heilt ny kvardag for dei frvillige brannmannskapa i kommunen. 

LES OGSÅ: No har Radøy kjøpt sin fyrste nye brannbil sidan 1970-talet

Artikkeltags