Dette bør du vite om du køyrer via Salhus

Det er i Salhusvegen ved krysset til Vikavegen køyremønsteret no er lagt om.

Det er i Salhusvegen ved krysset til Vikavegen køyremønsteret no er lagt om. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Endra køyremønster i Salhusvegen.

DEL

Bergen kommune har i samråd med Statens vegvesen lagt om køyremønsteret i Salhusvegen.

Dette vil spesielt ha innverknad på trafikkforholda for dei som skal hente og bringe ved Salhus skule, men også andre som trafikkerer her bør vere obs på endringane. 

Omlegginga vil også berøre dei frå Nordhordland som køyrer via Salhus.

Det er gjort vesentlege innskrenkingar i køyrebana, og det er ikkje lenger mogleg å parkere ved frisøren. Busshaldeplassane er derimot vesentleg forbetra, melder Bergen kommune.

Kommunen oppfordrar alle som skal til og frå skulen om å ta buss eller gå for å unngå farlege situasjonar.

«Dersom du må køyre, oppmodar vi igjen til å køyre direkte ned til kyrkja og snu der. Når du kjem opp, kan du plassere deg på parkeringsplassen. Hugs på at det er fleire som kjem i løpet av dei minutta du står plassert der for å sleppe av eit barn, så du må tenkje på korleis du plasserer deg.»

Artikkeltags