Ber om nye avhøyr etter mystisk dødsfall

Søndag 24. januar i år blei masfjordingen John Arve Breivik funnen død i terrenget her på Breistein i Åsane. Framleis er saka eit mysterium. Arkivfoto: Skjalg Ekeland, BA

Søndag 24. januar i år blei masfjordingen John Arve Breivik funnen død i terrenget her på Breistein i Åsane. Framleis er saka eit mysterium. Arkivfoto: Skjalg Ekeland, BA

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet ville henlegge saka, men statsadvokaten krev meir etterforskning etter at John Arve Breivik blei funnen død i januar i år.

DEL

Det er BA som melder om at saka skal etterforskast vidare.

54-åringen frå Masfjorden hadde tilknytning til Åsane, og han blei offisielt meldt sakna 26. juni i fjor. Dei siste sikre observasjonane av han skal ha vore to-tre månader tidlegare.

Avdøde hadde lege ute i terrenget i fleire månader og hadde ikkje teikn til ytre skadar. Politiet gjekk tidleg ut og sa at dei ikkje mistenkte at det låg noko kriminelt bak dødsfallet.

LES OGSÅ: Frykter at John Arve ble drept

Mange rykter

Tidlegare i sommar melde BA at minst tre personar skal ha fortalt Breivik sin tidlegare forsvarar at han blei tatt av dage.

I det kriminelle miljøet har det gått mange rykter om kva som har skjedd med 54-åringen. Ann Turid Bugge, Breivik sin mangeårige advokat, er sjølv ikkje i tvil:

– Han var ein sterk mann, så fleire må ha vore med på det, uttalte Bugge i juni.

LES OGSÅ: Savnede John Arve Breivik bekreftet omkommet

Nye avhøyr

Politiadvokat Elisabeth Bru i Vest politidistrikt stadfestar at saka er sendt tilbake til politiet frå statsadvokaten i Hordaland.

– Vi er bedne om å gjennomføre eit par nye avhøyr, men eg ønsker ikkje å kommentere nærmare detaljar knytta til det, seier Bru til BA.

Andre tidlegare saker:

LES OGSÅ: Skal søke i sjøen etter savnet 54-åring

LES OGSÅ: Politiet har fått ny informasjon i savnet-sak: 54-åring sett på pub i Masfjordnes

LES OGSÅ: Mann siktet for falsk forklaring etter mystisk forsvinning

LES OGSÅ: Har du sett denne mannen?

Artikkeltags