Fleire parti har allereie gjort det - søndag 4. februar var det lokallaga til Arbeiderpartiet i Lindås, Meland og Radøy sin tur til å slå seg saman til eitt partilag for nye Alver kommune.

– Eg trur vi har sett saman eit godt mannskap som vil sameine dei tre partilaga til eitt nytt på ein god måte, skriv Meland-ordførar og leiar av fellesnemnda til nye Alver kommune, Øyvind Helland Oddekalv på sin eigen Facebook-profil.

Her er styret i Alver Ap: Astrid Namtvedt Sylta (leiar), Tormod Skurtveit (nestleiar), Hilde Bognøy Kleivdal (kvinnekontakt), Margrethe Aven Storheim (sekretær), Rune Seim (kasserar), Tom Inge Karlsen, Kirsti Gjetle Floen, Morgan Taule og Anne Grete Eide.