Nominert til årets nynorsk-kommune

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy var mellom dei sju kommunane i landet som var nominert til kåringa av årets nynorskkommune.

DEL

Sogn og Fjordane fylkeskommune stakk av med prisen, og fekk tirsdag overrekt 100.000 kroner i premie av kommunalminister Liv Signe Navarsete under eit arrangement på Det norske Teateret i Oslo.

I tillegg til Radøy var kommunane Vinje, Eid, Granvin, Kvinnherad og Gloppen også mellom dei nominerte.

– Eg er svært glad for denne prisen. Eg tykkjer faktisk vi fortener han. Vi er opptekne av å fremja nynorsken, og vi har vedteke ei språkpolitisk satsing for å styrka posisjonen til nynorsken, seier fylkesordførar Åshild Kjeldsnes.

Artikkeltags