No får du nynorsk mjølk i butikkane

Artikkelen er over 7 år gammel

- Ei gladmelding for alle mjølkedrikkarar, jublar mållaget

DEL

Tekst; Astrid Iren Solheim, Firda, Foto: Bent Are Iversen, Firda

Frå juni vil all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, få nynorske kartongar.

– Dette er ei gladmelding for alle mjølkedrikkarar på Vestlandet. Språk er viktig for lokal identitet. Det er bra at Tine no vil bruka nynorsk på kartongane, slik bøndene og forbrukarane har bede om, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar har vorte presenterte på nynorsk, sjølv om alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar. Frå juni vil altså all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, bli marknadsført på nynorske kartongar.

– Det er tre år sidan Tine slutta å selja "nynorsk mjølk" i nynorskområda, og i staden valde "melk" over heile landet. Eg vonar bokmålseksperimentet no vert skrinlagt for godt og at også nynorskområde utanfor Vestlandet får attende tilbodet om nynorsk mjølk, seier Håvard B. Øvregård.

Artikkeltags