Sofie Furnesvik Eikeland (15) og Stine Husebø (15), som begge går i 10. klasse på Rossland, skryt over prosjektet dei nettopp har hatt på skulen. Elevane har lært om ungdom og privatøkonomi, og fått besøk og undervisning av NAV, kommunen og namsmannen. Etter undervisninga laga alle 10.klassingane eit eige prosjekt, som dei fredag framførte for medelevar og elevar frå Meland skule.
– Vi har mellom anna fått råd og hjelp til korleis ein set opp eit budsjett, fortel Sofie og Stine.
– Lurt å spara
Dette er 8. året kommunen gjennomfører prosjektet «Ungdommens gjeldsrådgjeving», med stor suksess.
Stine og Sofie hadde prosjekt saman med klassevenninnene Eilen Husebø (15) og Embla B. Gudmundsen (15). Dei fire lagde ein film, der ein av dei spilte unge og naive «Michelle», som har brukt alt for mykje pengar på sminke, klede og festing.
– Ho har mykje gjeld, fordi ho ikkje har vore flink til å spara, og heller brukt pengane sine på alt mogleg anna, fortel jentene, som meiner dei har lært mykje gjennom dette prosjektet.
– No er vi mykje meir førebudd på det verkelege livet, og korleis vi bør handtera pengane vi kjem til å tena. Vi har også lært kor viktig det er å spara, seier Stine.
– Viktig å lære dette
Sofie og Stine synest det er bra at skulen prioriterer undervisning om privatøkonomi.
– Det er viktig at vi lærer om tema som vi kjem til å få bruk for i kvardagen når vi vert vaksne. Eg føler eg skjønar meir om korleis det er å vera vaksen, med alt ansvaret som følger med. Ein må betale rekningar, lån og mykje anna, seier Sofie.
Kjem til å bu heime lenge
Dei to vart ganske overraska då dei fekk undervisning og forstod kor dyrt det er å bu i byen.
– Eg trur ikkje eg får råd til å flytta for meg sjølv med det første. Ein har ikkje mykje å rutta med viss ein er student og bur på hybel i byen, difor kjem eg nok til å bu heime ein god stund til, smiler Stine.
– Engasjerte elevar
Rådgjevar i kommunen, Helge Kvam, er ein av tre som har besøkt og undervist 10.klasingane i samband med prosjektet.
– Eg er imponert over kor flinke dei er. Elevane er engasjerte, sit i ro og stiller mange spørsmål. Det har difor vore utruleg kjekt, seier han.
Kvam var også programleiar då alle elevane vart samla for å visa fram prosjekta sine.