NGIR har funne midlertidig løysing på RenoNorden-knuten

NGIR

NGIR Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NGIR har overteke både bilar og sjåførar frå RenoNorden.

DEL

Fredag melde NGIR på sine nettsider at situasjonen for renovasjonsverket i tida framover er avklara.

Som dagleg leiar i NGIR, Bjørn Berg, skisserte tidlegare, er RenoNorden-sjåførane no tilsett direkte i NGIR på midlertidige kontraktar.

Bossbilane var tidlegare leasa av RenoNorden, men er no leasa av NGIR. NGIR har i tillegg kjøpt eit par eigne bossbilar, skriv NGIR på si nettside.

Samarbeider med tidlegare driftar

For å halde styr på drifta, har NGIR leigd inn ein koordinator frå Retura Vest, som drifta renovasjonstenesta i Nordhordland før RenoNorden kom på bana. Det er også kontorlokala til Retura Vest på Mjåtveitflaten som vert hovudbase for sjåførar, koordinator og bossbilar.

Ventar avgjerd om tilbod

Om renovasjonstenesta skal drivast av NGIR sjølv på lang sikt, eller om drifta skal lysast ut på tilbod, er uvisst. Dette er opp til styret/representantskapet i NGIR å avgjere.

NGIR melder at dei reknar med at dette tek nokre månader å avgjere.

Fakturaer vert utsett

Fleire av NGIR sine kundar har etterlyst faktura for renovasjonen. Det opplyser NGIR på sine nettsider.

– Faktura vert sendt ut i veke 41-42. NGIR har prioritert å bruka ressursane til å oppretthalda henting av avfall og har difor utsett faktureringa nokre veker, forklarar dei.

Bakgrunnen for utsettinga er konkursen til RenoNorden og alt ekstraarbeidet dette har medført for administrasjonen i renovasjonsselskapet.

– Det er viktigare at avfallet vert henta i tide enn at faktura vert sendt ut til vanleg tid, opplyser NGIR.

Artikkeltags