Fleire selskap forbyr svarte bossekkar - no vil NGIR også vurdere forbod

NGIR har enno ikkje innført forbod mot å levere boss i svarte sekkar, men det kan skje. – Fleire i bransjen har innført eit slikt forbod, og NGIR vil vurdera der same, seier dagleg leiar hjå NGIR, Bjørn Berg.

NGIR har enno ikkje innført forbod mot å levere boss i svarte sekkar, men det kan skje. – Fleire i bransjen har innført eit slikt forbod, og NGIR vil vurdera der same, seier dagleg leiar hjå NGIR, Bjørn Berg. Foto:

Av

– Fleire i bransjen har innført eit slikt forbod, og NGIR vil vurdera det same, seier dagleg leiar hjå NGIR, Bjørn Berg.

DEL

Svarte og farga søppelsekkar skjuler innhaldet og gir rom for feilsortering som er vanskeleg å oppdage. Derfor har Norsk Gjenvinning og deira datterselskap frå 1. september innført forbod mot å levere avfall i sorte og farga bossekkar.

Også BIR (Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap) innfører frå 1. januar 2020 avfallslevering i gjennomsiktige sekkar ved alle deira gjenvinningsstasjonar. 

– Etter årskiftet kostar det 40 kroner ekstra per sekk dersom du bruker ein svart eller farga sekk, skriv BIR på si heimeside.

Framleis lov hos NGIR

Forbodet mot levering av svarte avfallsekkar gjeld førebels ikkje hjå NGIR. Der er det inntil vidare heilt lovleg og uproblematisk å levera svarte og farga avfallsekkar hjå NGIR.

– Fleire i bransjen har innført eit slikt forbod, og NGIR vil vurdera der same, seier dagleg leiar hjå NGIR, Bjørn Berg i ei pressemelding.

– Dersom vi innfører eit slikt forbod, vil vi gå ut med grundig informasjon på førehand.

– Sortere riktig

Berg oppmodar til å sortera avfallet riktig før ein leverer bosset på ein gjenvinningsstasjon.

– Farleg avfall og elektronikk kastast ofte feil som restavfall, noko som aukar faren for brann og skade på miljøet. Alt avfall skal sorterast før det leverast inn, påpeiker han.

Svarte sekkar er framleis lov hos NGIR, men det interkommunale renovasjonsselskapet i Nordhordland og Gulen vil vurdere om forbod også skal innførast her.

Svarte sekkar er framleis lov hos NGIR, men det interkommunale renovasjonsselskapet i Nordhordland og Gulen vil vurdere om forbod også skal innførast her. Foto:

Artikkeltags