NBK er i økonomisk trøbbel

Artikkelen er over 7 år gammel

Vil redda økonomien med SFO og fotballakademi

DEL

NBK har aldri klart å finna ei fullgod inntektserstatning etter at Norsk Tipping fekk automatmonopol i Norge.

– Situasjonen har vore vanskeleg i mange år, og vi har levd på reservar frå automattidene. No har vi kutta og kutta, men vi klarar ikkje å koma heilt til botn utan å øydelegga fundamentet for det vi driv med, seier dagleg leiar i NBK, Harald Kvamme, til Nh.

LES OGSÅ: Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

NBK tente gode pengar på speleautomatar for ein del år sidan. Så fekk Norsk Tipping automatmonopol, og inntektene forsvann. Summen klubben i dag får inn via grasrotdelen, ordninga som i utgangspunktet skulle kompensera for lag og organisasjonar sine tapte automatinntekter, er ikkje eingong i nærleiken av den NBK tidlegare fekk inn. Og no er altså botnlinja skrapt.

– Sjølvfinansierte om to år

– Vi har kutta inntekter tilsvarande ein halv million kroner, og vi har klart å skapa nokre nye inntekter. Likevel er ikkje dette nok. I år hamnar vi nok 200 000 kroner i minus, i tillegg til 100 000 i minus i banken, seier Kvamme til Nh.

NBK har no søkt Lindås kommune om 500 000 kroner i driftsstønad for 2014. Dette er pengar som skal brukast til å dekka minusen på botnlinja, samt sikra oppstartskapital til fleire nye tiltak klubben no skal i gang med for å prøva å betra den økonomiske situasjonen.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

– Vi har eit mål om å vera sjølvfinansierte i løpet av to år. Det har vi sagt at vi skal klara. Vi har nokre heilt konkrete ting vi jobbar med for å skaffa ekstra inntekter, seier Kvamme.

SFO og akademi

Blant dei nye tilboda NBK no vil i gang med er fotball-SFO og eigen fotballinje for VGS-elevar.

– Vi har vore litt rundt og sett korleis dette fungerer, og der dei får det til kan fotball-SFO gi gode inntekter kvar månad. Andre igjen slit med å få ordninga til å gå i balanse. Vi jobbar også med å få til ei fotballakademiløysing. Våre folk har vore inne som instruktørar på slike akademi tidlegare, men no vil vi skapa vårt eige, seier Kvamme.

LES OGSÅ: NBK spelar NM-kvalikk neste sesong

Uavhengig av kva framtidsplanane vert, er Kvamme klar på ein vesentleg ting.

– I botn av det heile må ei dugnadsand ligga. Ei kulturendring må til om vi skal klara dette, der våre medlemmar er villege til å jobba dugnad utan å nødvendigvis få igjen utstyr eller ein tur, seier han til Nh.

Artikkeltags