Har laga Alver-brosjyre: Foreslår 15 turar du kan gå for å bli kjent med den nye kommunen

– Det kan vera eit godt grunnlag for nye fellesskap, men også tryggleik for det lokalsamfunnet me bur i både no og i framtida. Det er også god helse i å gå tur, seier ordførarane Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind H. Oddekalv og Jon Askeland.

– Det kan vera eit godt grunnlag for nye fellesskap, men også tryggleik for det lokalsamfunnet me bur i både no og i framtida. Det er også god helse i å gå tur, seier ordførarane Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind H. Oddekalv og Jon Askeland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Lovar både flotte naturopplevingar og premiar.

DEL

– Lat det går sport i å utforska den nye kommunen vår.

Det er oppmodinga frå ordførarane i dei tre kommunane som snart blir eitt. Ei rykande fersk turbrosjyre er sendt ut til husstandane i Alver, med presentasjon av 15 turforslag - fem i kvar kommune.

No har du ein alle tiders moglegheit til å bli betre kjend i den flotte naturen i dei tre kommunane som snart blir Alver kommune. Både i Radøy, Lindås og Meland er det mange perler og flotte turmål.

Ordførarane håpar at invitasjonen til å gå turar i nye område vil gje innbyggarane gode opplevingar, samstundes som det stadfestar at det er mykje vakker natur også utanfor våre noverande grenser.

Nye fellesskap – god helse

– Det kan vera eit godt grunnlag for nye fellesskap, men også tryggleik for det lokalsamfunnet me bur i både no og i framtida. Det er også god helse i å gå tur, seier ordførarane Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind H. Oddekalv og Jon Askeland.

Dei veit at det er mange turfolk i dei tre kommunane, og ordførarane håpar turbrosjyra vil stimulera veldig mange til å ta seg ut.

– Me har lagt vekt på at det skal vera ulike typar turar som blir presentert i brosjyra, og at turane skal ha stor geografisk spreiing, seier kulturrådgjevar i Radøy, Bente K. Hervik, som har hatt hovudansvaret for arbeidet med brosjyra.

Premiering og fotokonkurranse

Det er også premiar å henta for i alle fall nokre av turgåarane.

Alle over 13 år som har gått ti turar - minst ein i kvar kommune, og alle i alderen 0-12 år som har gått minst sju turar - minst ein i kvar kommune, er med i trekninga av premiar frå Sparebanken Vest og Knarvik senter. Alle under 13 år kan i tillegg henta seg ein diplom og ein liten premie frå Sparebanken Vest på eitt av rådhusa.

Kvar tur har sin kode, som du finn på ein post som er sett ut. Den skriv du inn på skjemaet på sistesida i brosjyra. Du kan levera skjemaet på eitt av dei tre rådhusa.

– Det er også flott om turfolket vil leggja inn sine foto på Instagram (sjå s.2 i brosjyra), seier Bente K. Hervik, som lovar premie for beste bilete.

Turopplegget vil vera klart frå 9. mai og postane blir ståande til 20. oktober.

Artikkeltags