Politiet i Nordhordland gjekk til aksjon mot 30 ungdommar i Lindås, Meland, Radøy og Austrheim torsdag.
Politiet seier de vet at Knarvik senter er ein av arenaene for kjøp og sal av narkotika. Det avviser kjøpesenteret.
Senterleier Åge Torsvik er ikkje kjent med at det går føre seg åpenlyst bruk og omsetning av narkotika ved senteret.
– Vi opplever ikkje dette som noko stort problem, tvert imot. De siste årene har vi fine resultat når det gjelder både nasking og synleg rusbruk i Knarvik senter.
– Eg kan sjølvsagt ikkje avvise at det skjer, men det skjer i mindre grad enn før, seier Torsvik.
Han trur ungdomsprogrammet Salto har mykje av æra.
– For nokre år sidan gjekk ungdommane rundt og slengde på senteret utan mål og meining. I dag har vi eit bemanna lokale midt i senteret. Her jobbar det ein sjukepleiar og ein sosionom på heiltid. Poenget er at elevane skal ha nokre å prate med. De kan få hjelp til lekser eller berre stikke innom for å prate med andre på sin egen alder, seier Torsvik.
Han seier at prosjektet Salto finansierast av alle kommunane i Nordhordland.
AKSJONERTE IKKJE PÅ SKULAR
I motsetning til aksjonen i Bergen mandag, vart ikkje skular oppsøkt i Nordhordland. Politiet har ingen indikasjonar på at det går føre seg sal på skulane.
– Men det dreier seg om skuleungdom her, så det ville vere naivt å tro at det ikkje har skjedd, seier politioverbetjent Kjell Idar Vangberg.
LES OGSÅ: Hasjaksjon mot 14-åringar
RANSAKA HUSA
Ifølgje Vangberg er ti av de 30 ungdommane mistenkt for sal av narkotika. Rundt tjue er mistenkt for kjøp og eige bruk.
– De yngste som er tatt for sal er 16 år. De skal ha seld til 14-åringar, seier han.
Ifølgje Vangberg har det for de som sel hovudsakleg seld til de på sin egen alder og litt yngre.
Hos de ti som er mistenkt for sal, har politiet gjennomført husransaking.
Fleirtalet av de tjue som berre er mistenkt for bruk er under 18 år.
– I desse tilfella tok vi kontakt med foreldra først, og bad om ein samtale med dei, seier Vangberg.
– De som er 18 år vart sjølv bedt om å komme inn på stasjonen.
Vangberg seier at ingen av ungdommane vart henta på skulen.
TO SLEPPT FRI UTAN REAKSJON
Enkelte av de mistenkte har politiet ikkje fått snakke med ennå, fordi de har vore bortreist.
Vangberg fortel at også de har tatt inn personar som er mistenkt for å ha brukt hasj berre eit fåtal gonger, og det ikkje berre er snakk om de som bruker hasj fast.
– Førre helg vart det tatt ungdommar på 14 og 15 år for første gangs bruk.
To personar er sleppt fri utan nokre reaksjon. De som mistenkjast for sal har fått forenkla førelegg, de som mistenkjast for bruk har fått påtaleunnlating.
MELDINGAR
Politiet har funnet fram til de mistenkte gjennom meldingar på telefon og på sosiale medier.
– Vi har kontaktar i miljøet og har fått tips, seier han.
– Har det vore sal og kjøp på Facebook?
– Eg vil ikkje kommentere så konkret, men sosiale medier har komme for å bli.
Vangberg seier at ungdommane kjem frå fleire forskjellige miljø, men at desse miljøa går i kvarandre.