Nikolai (18) starta fotostudio

Nikolai Fløysand Berland frå Meland har saman med to andre starta opp eit eige fotostudio. Til no har den største jobben deira vore å fotografere bandet The Main level under konsert i Grieghallen.

Nikolai Fløysand Berland frå Meland har saman med to andre starta opp eit eige fotostudio. Til no har den største jobben deira vore å fotografere bandet The Main level under konsert i Grieghallen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Medan andre fullfører lekser fullfører Nikolai (18) fotoshoots.

DEL

Skuleungdom Nikolai Fløysand Berland (18) frå Meland har ein kvardag som ikkje er heilt lik alle andre sin.

I 2016 starta han nemleg fotostudioet KLIX AS saman med tremenningen John Gabriel Fløysand og kompisen Kristoffer Rye.

Då dei i august 2016 tok valet om å utvikle firmaet sitt til eit aksjeselskap, var dei klar over at dette var noko som ville medføre stor innsats for alle tre. Dei har investert mykje i firmaet; både i form av tid, pengar og personleg innsats.

– For å starte eit aksjeselskap må 30 000 kroner leggast inn på ein konto som står i bedriftas namn. 5000 kroner av dei 30 000 kronene går til Brønnøysund som betaling for oppstarting av bedrift, dei resterande 25 000 kronene er fritt til bruk så lenge dei går til firmaet, forklarar Nikolai om det økonomiske. 

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Etter oppstarten har firmaet hatt eit bredt spekter av oppdrag, og ein av dei største jobbane dei har hatt hittil, var med bandet The Main Level på konsert i Grieghallen.

– Det kjekkaste er å jobbe med folk, for då er eg meir sikker på meg sjølv. Det er faktisk ein viktig ting, meiner Nikolai.

Sterk motivasjon

Sjølv om det er krevjande å drive eiga bedrift, er gleda over å kunne jobbe med akkurat det han likar ein stor motivasjon. Interessa for videoredigering og fotografering kom nemleg tidleg, og i ung alder visste han at han ønskte å arbeide innan media. Sommaren 2015 kjøpte hans sitt første, eige kamera. Grunnen var enkel; han ønskte å ha moglegheita til å følge sin største draum, og til å velje frå øvste hylle.

Nikolai fekk tidleg interesse for å fotografere. Det byrja med landskap som motiv, men no er det bilde av folk som er mest interessant.

Nikolai fekk tidleg interesse for å fotografere. Det byrja med landskap som motiv, men no er det bilde av folk som er mest interessant. Foto:

I familieheimen på Io i Meland starta Nikolai først med stillbilde med landskap som motiv. No er det å ta bilde av folk ein klar favoritt, og gjennom firmaet får han mellom anna i oppdrag å ta portrettbilde, familiebilde og bryllaupsfoto. Han meiner det å ta bilde av folk er så mykje meir enn berre det å fotografere, då ein får ta del i stemninga i hendingane ein fotograferer.

Tru mot seg sjølv

– Ein personleg favoritt er bryllaup, då er folk så lykkelege og glade, og eg får fange denne stemninga saman med dei. Det er toppen.

Noko av det som er viktigast for Nikolai, er å kunne verdsette eige arbeid. Etter å ha lagt tallause timar i å skapa noko nytt, så er det viktig å kunne stå inne for at det ein gjer faktisk er bra. Dette er noko han også ønsker at andre gryande fotografar klarer å hugse på.

– Ikkje spring etter nokon i sju dagar for å få bra bilde. I starten er det greitt å vere billig, det trekker kundar, men etter ei stund må ein berre vere tru mot seg sjølv. Ditt arbeid er verdt noko, og det må du la andre vite også. Tida di kostar, slår han fast.

Som nokre siste avsluttande ord, kjem han med ei oppfordring til alle som har ei liten fotografspire på innsida.

– Start i det små, med det du har. Det er ikkje utstyret som gjer bilde bra, men fotografen.

Artikkeltags