Kåra til årets bedrift: Auka omsetnaden med 45 millionar i 2016

Står bak: Dette er nokre av gjengen i Norwegian Weather Protection på Seim. Foto: privat

Står bak: Dette er nokre av gjengen i Norwegian Weather Protection på Seim. Foto: privat

Norwegian Weather Protection på Seim er kåra til Årets bedrift 2016 i Nordhordland.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Kåringa fann stad under vårfesten til Nordhordland Næringslag på nye Kilstraumen Brygge i Austrheim torsdag kveld.

Frå 45 til 80 millionar

Bedrifta hadde ein formidabel vekst i 2016. Omsetnaden auka med 45 millionar kroner til 80 millionar. I løpet av to år har bedrifta gått frå 17 til 54(!) tilsette. Bedrifta leverer produkt både til oppdrettsnæringa og offshorebransjen.

Juryen la spesielt vekt på tre faktorar for tildelinga.

I forkant av nedturen i oljebransjen gjorde NWP ei god strategisk vurdering og valde å satse meir mot den veksande hvabruksnæringa.

Kjempevekst på kort tid

Dette har resultert i ein kjempevekst på kort tid som få eller ingen andre bedrifter i Nordhordland kan vise til siste året. Det er også lagt vekt på at NWP driv innovasjon og produktutvikling i tett samarmed med kundane.

NWP er eigd av duoen Arne Dalland gjennom firmaet Dalegard AS og Arild Folkedal gjennom Grenda Holding AS.

Dei to andre nominerte var Motitech frå Meland og Dynaplan frå Radøy. Nordhordland Næringslag, Sparebanken Vest og Strilen står bak prisen.

Artikkeltags