Næringshagen får nytt avdelingskontor

Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar ved Nordhordland næringshage sitt avdelingskontor i Solund.

Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar ved Nordhordland næringshage sitt avdelingskontor i Solund.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Nordhordland næringshage skyt knopp i Solund.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

1.oktober opnar Nordhordland Næringshage avdelingskontor på Hardbakke i Solund.

Nordhordland Næringshage vil gjennom ei ny etablert avdeling på Hardbakke jobba med spennande idear og verksemder i sjøbassenget kring Solund.

Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar for avdelinga. Han har gjennom dei sju siste åra jobba med næringsutvikling i regionen.

Kompetanseløft

Tom Erling Bahus har lang erfaring innan reiseliv og vil med denne bakgrunnen gje næringshagen eit kompetanseløft, seier dagleg leiar Solveig Lerøy i Nordhordland næringshage.

Tom Erling er sjølv ein grundar som har etablert fleire reiselivs-verksemder dei siste åra.

Fem bedrifter saman

Nordhordland Næringshage har også inngått ein avtale med Solund Eiendom AS, som har tilrettelagt for ei samlokalisering av verksemder og gründerar i Solund Eiendom sine lokale.

Dei som i første omgang flyttar inn i lokala i næringshagen er Norsk Kystkulturakademi AS, TB-Event AS, Sulejet ANS, Solund Næringsutvikling AS og SolundMat AS

Solund Eiendom sine lokaliteter inneheld Solund leilegheitshotell i 2.etasje og kontorareal i 1. etasje. Frå før er verksemder som Solund rekneskap, Solund Leilegheitshotell, Vidar Hop Skyssbåter og Hortimare på plass i Solund Eiendom sine lokale.

Artikkeltags