Songen deira har blitt spelt over 150.000 gonger på Spotify

Frå konsert i Gulen helga: Til venstre Ådne Matre Andersen, i midten: Sondre Matre Andersen, til høgre Sindre Kvam
og på slagverk Hans-Karsten Wergeland.

Frå konsert i Gulen helga: Til venstre Ådne Matre Andersen, i midten: Sondre Matre Andersen, til høgre Sindre Kvam og på slagverk Hans-Karsten Wergeland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Det tok litt meir av enn vi hadde trudd.

Det seier Sondre Matre Andersen (26) som saman med broren Ådne (20) står bak songen «Helg i Masfjorden». I skrivande stund er songen spelt heile 150.312 gonger – og det var ikkje planen.

– Vi laga songen til ein kamerat som går under kallenamnet «Pastor'n». Planen var eigentleg berre å spele den på den lokale puben «Lenas Kafé», men så spelte vi den inn i studio, fortel Sondre.

Overraskande respons

Helg i Masfjorden

Eit lite utdrag frå teksten:

«Det e helg inni Masfjorden og alle kjem seg ut. Dei som sit heime no burde føle seg litt lurt, det er helg inni Masfjorden, og alle lengtar heim. Pastor'n e på plass. Ja, då har me alt me treng»

Låten vart lagt ut på Spotify i 2014, og i januar i år var Masfjord-brørne overraska over responsen. Songen var då spelt 40.000 gonger.

No har altså songen tatt endå meir av, og ligg jamt på rundt 100 avspelingar om dagen.

– Den fenga visst litt meir enn vi hadde trudd. Vi sa jo at om kva innbyggjar i Masfjorden, og det er rundt 1600, spelte den ein gong – så skulle vi vere nøgde.

– Trur du at det er desse som har høyrt på songen om att og om att og om att?

– Nei, det får ikkje håpe, seier Sondre leande og fortel at dei har fått tilbakemeldingar frå folk som bur både i Bergen, Sogn og andre stader som har høyrt songen.

LES OGSÅ: Masfjorden må kutte 10-15 millionar: Idrettsskulen kan bli lagt ned

Treffande bodskap

Han trur grunnen til at så mange har latt seg fenge er at ei kan kjenne seg att i teksten sjølv om ein ikkje er frå Masfjorden.

– Den kan treffe folk som kjem frå Bygde-Norge generelt. Eg trur det er ein fellesnemnar for mange som bur vekke at dei reiser heim i helgene og er ute med vener og kosar seg. Det er no litt kjekt at så mange vil høyre på den, slår Sondre fast.

Artikkeltags