PSW Group har sikra ny «capping stack»-kontrakt: – Vi er veldig stolte

– Vi er veldig stolte over å ha blitt tildelt denne kontrakten, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande direktør i PSW Group i pressemeldinga.

– Vi er veldig stolte over å ha blitt tildelt denne kontrakten, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande direktør i PSW Group i pressemeldinga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

PSW Group har blitt tildelt ein rammeavtale for Capping & Containment med Spirit Energy Norway.

DEL

Det kjem fram i ei pressemelding som PSW sende ut like før jul. Avtalen går over eit år, men med opsjon på to årlege periodar.

Kontrakten gir PSW Group ansvaret for å levere såkalla «capping stack» – ein modul som skal sørge for at ein brønn vert stengd innan 72 timar. PSW får også ansvar for brønnkontrollutstyr, brønnhendings-team og beredskapstenester knytt til capping stack-modulen. Avtalen gjeld for alle lisensar der Spirit Energy Norway er operatør.

– Vi er veldig stolte

– Vi er veldig stolte over å bli tildelt denne kontrakten, ettersom vi strategisk har utvikla våre capping stack-tenester som svar på industriens krav, slik at vi kan respondere trygt og effektivt på ei eventuell brønnkontroll-hending, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande direktør i PSW Group i pressemeldinga.

Brønnsikringsteknologi har fått eit sterkt fokus etter fleire ulykker dei siste åra og PSW er ein av få uavhengige tilbydarar av ein slik teknologi på norsk sokkel.

Selskapet Spirit Energy, som dei har inngått kontrakten med, blei oppretta i desember 2017 då Centricas oppstraumsverksemd og Bayerngas Norge AS slo seg saman. Med samanslåinga er det nye selskapet no eit at dei største uavhengige oppstraumsselskapa i Nordvest-Europa med meir enn 70 leitelisensar på tvers av kontinentet, skriv PSW i pressemeldinga.

Capping stack-modulen blir vedlikehalden og ligg klar for operasjon på PSW Subsea & Drilling base på Mongstad 24 timar i døgnet 365 dagar i året. Ved å vere lagra her vil PSW Group ha Capping Stack- modulen på kai innan 24 timar etter varsel og nå dei fleste offshorefelt på den norske kontinentalsokkelen innan 1–5 seglingsdagar, skriv PSW Group.

PSW Group

PSW Group er eit konsern som leverer multidisipline tjenester mot olje- og energinæringa, både onshore og offshore

Konsernet er inndelt i følgende selskaper: PSW Technology, PSW Integrity, PSW Solutions og PSW Power & Automation. Gruppen har hovedkontor på Mongstad og fasilitetar på Ågotnes og i Liverpool (UK).



Artikkeltags