TWMA vert truga med ny gigantbot

DYRT: TWMA Norge risikerer no si andre tvangsmulkt på litt over eit år, om dei ikkje føl pålegga frå Miljødirektoratet. ARKIVFOTO

DYRT: TWMA Norge risikerer no si andre tvangsmulkt på litt over eit år, om dei ikkje føl pålegga frå Miljødirektoratet. ARKIVFOTO

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

TWMA Norge på Mongstad vert truga med gigantbot om dei ikkje betrar rutinane sine snarast.

DEL

Miljødirektoratet var i slutten av november på inspeksjon hjå TWMA Norge på Mongstad og fann heile fem avvik då dei sjekka.

Det vert peika på at bedrifta har enkelte manglar ved sin internkontroll, dei har manglar ved si handtering av farleg avfall, måleprogrammet deira er mangelfullt, kompetansekrava i løyvet er ikkje tilfredsstilt og dei har manglar ved eigerapporteringa si. Vert ikkje stoda retta opp i innan fyrste mars, må dei ut med ei tvangsmulkt på 100.000 kroner.

LES OGSÅ: Gigantbot til Mongstad-bedrift

Det er berre eit år sidan dei måtte ut med 100.000 kroner i tvangsmulkt etter at naboar vart plaga av dårleg lukt frå selskapets verksemd og at TWMA ikkje gjennomførte Miljødirektoratets pålegg om luktrisikovurdering og ei eventuell utgreiing av luktreduserande tiltak ikkje vart gjennomført innan fristen.

TWMA Noreg AS tek imot, lagrar og behandlar oljeboringsavfall frå offshoreindustrien. Behandlinga inneber utslepp av reinsa prosessvatn til Fensfjorden. Miljøpåverknaden frå TWMA omfattar fyrst og fremst utslepp av totalt organisk karbon, olje og noko metall til sjø.

Artikkeltags