Mann til sjukehus etter arbeidsuhell på Mongstad

Mannen skal ha fått ein sjakkel i hovudet.

DEL

(BA): Ved 02-tiden fekk politiet melding om eit mindre arbeidsuhell på Mongstad. Dette skal ha skjedd rundt midnatt.

Ein mann skal ha fått ein sjakkel i hovudet i forbindelse med arbeid.

– Han skal ha hatt på seg fullt verneutstyr, og det skal i utgangspunktet ha gått greit. Men etter kvart følte han seg dårleg, og blei derfor tatt med til Haukeland, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar. Det er opprettet sak.

Artikkeltags