Mohn gir millionar til kyrkjeorgel

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Det var ei historisk hending då biskop Halvor Nordhaug søndag la ned grunnsteinen for nyekyrkja i Knarvik. Samtidig kom gladmeldinga om at Trond Mohn sponsar kyrkjeorgel.

DEL

Knarvik kyrkje har så avgjort skikkeleg vind i segla. Ikkje berre let vinden høyra frå seg gjennom opne veggar under den aller første gudstenesta og nedlegging av grunnsteinen.

Meldinga om den rause gåva frå Trond Mohn løfta også forsamlinga mot nye høgder.

Stor jubel

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes kunne knapt venta med å formidla den glade bodskap til dei frammøtte under kyrkjekaffien i Nordhordlandshallen etter gudstenesta.

- Trond Mohn, du er ein framragande mann som deler av di overflod, sa Byrknes, og utløyste jubel under samlinga i Nordhordlandshallen etter gudstenesta.

Kvalitetsorgel

- Heilt fantastisk. Det ville ikkje vore mogleg å realisera kyrkjeorgelet innanfor den ordinære kostnadsramma på 74 millionar kroner, seier kantor Odd Leif Mjøs og Einar Vatne i finansgruppa for Knarvik-kyrkja.

På grunn av internasjonale anbodsreglar vil dei ikkje røpa kor mange millionar Trond Mohn går inn med.

- Men det vil sikra oss eit kvalitetsorgel, til glede for kyrkjelyden og alle brukarane av kyrkjebygget.

Perfekt plassering

- Då Gud skapte Knarvik, så såg han at her skal kyrkja liggja. Så godt passar kyrkja inn i landskapet, sa biskop Halvor Nordhaug, som takka Lindås kommune for at kyrkja vert bygt på det som er sjølve indrefileten i Knarvik.

- Kyrkja er eit signalbygg og eit landemerke som fortel mykje om kva område dette er. Her skal Guds ord lyd på tusenvis av samlingar gjennom framtidige generasjonar. Mi bøn er at desse orda skal skapa liv, sa biskopen før han la ned grunnsteinen.

Nh i skrinet

I skrinet som vart lagt ned i golvet ligg det både bibel og salmebok, teikningar og dokument frå arbeidsprosessen og ei utgåve av kyrkjebladet. Her er også 36 kroner i myntar, og ferske lørdagsaviser frå Nordhordland og Strilen.

- Det fortel om kva som skjer i lokalsamfunnet denne historiske helga. Nordhordland, Strilen og Bibelen høyrer saman, sa biskopen med eit smil.

Fleire hundre personar deltok under gudstenesta i Knarvik kyrkje. Folket gjekk i prosesjon frå Misjonshuset, med leiaren i soknerådet sin byggekomite, Helge Tangen i fremste rekkje med prosesjonskors i hendene.

Artikkeltags