Fryktar enorme utslepp frå tankskip i kø langs Nordhordlandskysten

Artikkelen er over 1 år gammel

I dårleg vêr kan fleire store tanskip bli ståande i kø rett utanfor Nordhordlandskysten. Risiko for ulykker og enorme utslepp uroar Norges mijløvernsforbund, skriv NRK.

DEL

– Med så mange store skip på éin stad i uvêret aukar ulukkesrisikoen, seier Jan-Hugo Holten, saksbehandlar for marine saker i Norges Miljøvernforbund til NRK.

Eit døme på situasjonar han meiner inneberer stor risiko var 7. desember 2017, då 8-9 store skip låg i kø utanfor Fedje.

Holten meiner løysinga er å ha ein slepebåt tilgjengeleg. Dette ville koste 20 millionar årleg, men det meiner Holte det er verdt.

– Desse ventande skipa blir no overlatne til seg sjølv. Viss eitt av dei får motorhavari, utan slepebåtar rundt dei, er situasjonen alvorleg og vanskeleg å handtera. Me har ikkje råd til å gambla med kysten vår, seier Holte til NRK.

– Ved sterk vind er det sikraste at skipa ventar, slik som i desember og no nyleg. Når fartøya ligg langt nok ute frå kysten er tryggleiksmarginen god.Trafikksentralen overvakar dei tett og kallar ved behov opp slepebåtar frå Mongstad eller Sture, seier Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket  til NRK.

Holten, på si side, viser til at tre havneslepebåtar på Mongstad er berre designa for signifikant bølgehøgde 2,5 meter, ikkje for offshore eller havgåande slep.

Artikkeltags