Doblar panten på halvliterflasker og boksar

Målet med høyere pantesatser er at færre tomflasker havner i søpla.

Målet med høyere pantesatser er at færre tomflasker havner i søpla. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Klima- og miljødepartementet har bestemt å heve pantesatsane til 2 kroner for små flasker og boksar og 3 kroner for store flasker. 

DEL

Dagens satsar på høvesvis 1 krone og 2,50 kroner har stått stille sidan byrjinga av 90-talet. Den reelle verdien er derfor om lag halvert sidan den gong.

Det er høg retur av drikkevareemballasje i Norge, men det er framleis noko på avvege som forsøplar miljøet og naturen.

– Vi doblar panten på halvlitersflasker og boksar. Det vil gje folk ein ekstra grunn til å returnere tomme flasker og boksar, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Men han understrekar at satsane ikkje bør vere for høge.

– Det kan verke mot sin hensikt å heve pantesatsane for mykje. Då blir det billigare for produsentane å lage ny drikkevareemballasje framfor å samle inn den gamle, seier Helgesen.

Dei nye pantesatsane vil tre i kraft ved nyttår. Dei gamle satsane vil kunne brukast i ein overgangsperiode fram til 1. september 2018 slik at bransjen får tid til å merke ny emballasje og oppdatere systema.

Artikkeltags