Oddny Daae er i ferd med å steikja sosekjøt av kalv. I helga held 19 gjestar frå Norges Jeger- og Fiskarforbund avdeling Hordaland hus her. Ti damer er på kurs for å læra og fiska laks i Frøyset-elva. Saman med instruktørar og barn har dei fylt det gamle huset frå 1890.

Gamlehuset

– I 1977 flytta vi heim frå byen. Vi budde i eine enden av huset, besteforeldra mine i den andre, fortel sonen Ørjan.

Seinare bygde familien sitt eige hus. I dag er det gamle tømmerhuset modernisert, isolert og kledd om for overnattingsgjestar, men inne på romma osar det av gamal nostalgi.

Samstundes som fiskegjestane skal ha mat og husly, vert heimefolket travelt opptekne med Kraftspela på Matre.

Fullt kjør på Matre

– Vi har all middagserveringa på kaiområdet. På menyen står kalvegryte og rømmegraut med spekemat. Vi vil også selja pølser og hamburgerar, seier Ørjan Daae, som her stiller med eit mannskap på åtte personar.

Det er han, kona Tone A. Daae og mora Oddny som står bak Frøyset Gardsmat.

– Eigentleg er dette mor sin draum. Som kokke på Masfjorden sjukeheim har ho lenge hatt lyst til å starta eiga verksemd. No har vi gjort det i lag, der alt vi leverer er mat frå eigen gard. Bortsett frå egg, som vi sel for Bjarte og Silje Nordanger på Sande i Gulen, fortel Ørjan.

Alt heimeprodusert

Dyra må han, som andre bønder, senda bort til slakting, men det er eige kjøt han får i retur. Difor kan han garantera at produkta er heimeproduserte.

I gardsbutikken, open berre på lørdagar, kan du kjøpa kjøt frå kalv, lam og kje. Her kan du til og med få kjøpa ditt eige dyr, partert etter ønskje og levert på døra.

I det rikhaldige vareutvalet har Frøyset gardsmat spekepølse av kalv, lam, kje og hjort, kurv og grillpølser av kalv, karbonader og kjøtkaker av kalv, kalverull, lammerull, fenalår og pinnekjøt.

Selskap og overtid

Catering til selskap, og firma som skal ha overtidsmat, er ei anna viktig side av drifta. I tillegg til snittar kan ein bestilla middag, alt frå får-i-kål til gryterettar og lapskaus, for å nemna nokre av godsakene.

– Men du kan òg ta med selskapet ditt hit. All mat som skal serverast her, må bestillast på førehand. Vi har ikkje vanleg kafédrift, seier Daae.

Oddny sin draum, og Ørjan og Tone si lyst til å bruka gamlehuset til noko positivt, har slått svært godt an.

– Vi lever kjøt til mellom anna restaurantar og butikkar i Bergen. Dei spør stadig om vi kan skaffa meir, fordi kundane kan ikkje få nok. Vi kunne lett ha levert alt vi produserer dit, men vi ønskjer å ha produkt att for sal til lokale kundar, forklarar Ørjan.

Turisme

Familien Daa er også opptekne av turisme. Fiskarane som kjem til Frøysetelva er ein ting. Dei som likar å sjå distriktet frå sykkelsetet er ei anna aktuell gruppe.

Ørjan viser fram ein serie med syklar som han leiger ut. I samarbeid med Berg Fritid på Matre profilerer han ulike sykkelløyper i Nordhordland og Gulen. Mellom anna viser han til Nordsjøløypa som går gjennom distriktet.

Folk kan ta buss frå Bergen til Matre, leiga seg ein sykkel og ta snøggbåten tilbake frå Gulen eller Austrheim, seier han om eitt av turprodukta.

På garden får gjestar også møta dyr, og det vert arrangert open gard-dagar, der ein mellom anna får ri.

Når vinteren har senka seg over Frøyset, arrangerer vert-skapet lysfest som startar med fakkeltog frå brua og opp.