Gå til sidens hovedinnhold

Pøbelstreker stoppa «Melderskin»

Artikkelen er over 5 år gammel

Norled set det i samanheng med trusselbrev dei har fått om bord i batteriferja si.

Etter knappe tre veker på sambandet var atter ein gong MF «Melderskin» ute av drift i nokre timar, tysdag ettermiddag.

Denne gongen var det grunna defekt toalettanlegg etter at det var problem med sikringane om bord.

Som vanleg hagla kritikken mot ferja og Norled og dei reisande var svært misnøgde. Men denne gonen viser det seg at det ikkje var ferja si skuld.

LES OGSÅ: undefined

Opna fleire vaskar

– Førre fredag oppdaga mannskapet at kranane på fleire av toaletta var sett på fullt, og det hadde rent vatn over vaskane og ned på dørken, fortel regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker til avisa Nordhordland.

Same dag hadde dei merka plunder med det elektriske anlegget og dei måtte skru av ein del golvvarme.

Det som deretter har skjedd er at vatnet har lagt i innreiinga og sakte med sikker dropla ned og inn i sikringsskåpet under.

– Dermed har me fått ei kortslutning, seier Utåker.

Han seier dei ser svært alvorleg på saka.

– Det er heilt forkasteleg og det går berre ut over dei som jobbar om bord. Og dei er i alle fall uskuldige. Men kven er det som må rydda opp?, seier Utåker.

Han seier dette er ei belastning dei helst vil klara seg utan.

LES OGSÅ: undefined

«Me vil ha Fjord1 tilbake»

På ferja «Ampere» som kryssar Sognefjorden dagleg har dei hatt fleire hendingar med trakkasering av dei tilsette og det har vore hendingar som Utåker reknar som sabotasje.

– Der har folk stappa doen tett og lagt att trusselbrev der dei seier dei vil ha Fjord1 tilbake på strekninga, seier Utåker.

Der har dei politimeldt hendingane og skal innføra videoovervaking utanfor toalettområda.

– Av ein eller annan grunn er det så mange som har noko i mot batteriferja. Eg kunne skjøna det i mars, då var det låg regularitet. Men så har det halde fram, peikar han på.

– Ser de ein samanheng mellom det som har skjedd på «Ampere» og «Melderskin»?

– Eg vil ikkje avvisa at det er ein samanheng, seier Utåker.

– Men me har ingen haldepunkt for det. Men det er vel nokon som trur dei har lov til å tøffa seg om bord, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Kommentarer til denne saken