Melder Breidvik Eiendom til politiet

Artikkelen er over 4 år gammel

I et ekstraordinært kommunestyremøte torsdag kveld gjekk Austrheim kommune inn for å melda Odd Arne Blindheim, Carsten Søreide og føretaket Breidvik Eiendom AS til politiet.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Forslaget vart banka gjennom med ti mot sju røyster. Morten Sognnes (H) og heile gruppa til Arbeidarpartiet, inkludert ordførar Per Lerøy, stemte imot.

Bakgrunnen for politimeldinga er den etter kvart svært så mykje omtalte dobbeltutbetalinga av rundt 3,5 millionar kroner. Denne summen betalte kommunen ut i 2013, sjølv om dei allereie hadde betalt den ut i 2009.

Breivik Eiendom AS er no kjøpt opp av Markhus Holding, og ber namnet Kystlandsbyen AS. Carsten Søreide er framleis styreformann i selskapet, men Odd Arne Blindheim er ute av prosjektet.

Politimeldinga gjeld altså dei to og føretaket Breivik Eiendom AS.

Austrheim-ordførar Lerøy er ikkje imponert over vedtaket som vart fatta torsdag kveld.

- Personleg meiner eg at dette på ingen måte er nokon politisak. Det har vore tvist mellom to partar, og desse har snakka forbi kvarandre og opptredd på ein uryddig måte. Men det har ikkje skjedd noko kriminelt. Eg likar dette forferdeleg lite, seier Lerøy til Nh.

Les meir om saka i Nh lørdag.

Artikkeltags