Ville rekrutera nye frivillige på Frekhaug: Ingen møtte opp

INGEN VILLE VERA FRIVILLIG: – Vi har for få frivillige til å halda oppe tilbodet slik det har vore dei siste åra. Det hadde vore synd om vi må avslutte eit positivt og førebyggande arbeid, seier fungerande dagleg leiar i Meland Frivilligsentral, Ane Bysheim. FOTO: FRIVILLIGSENTRALEN

INGEN VILLE VERA FRIVILLIG: – Vi har for få frivillige til å halda oppe tilbodet slik det har vore dei siste åra. Det hadde vore synd om vi må avslutte eit positivt og førebyggande arbeid, seier fungerande dagleg leiar i Meland Frivilligsentral, Ane Bysheim. FOTO: FRIVILLIGSENTRALEN

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Eg trudde og håpa det ville koma mange, men ingen kom. No må vi kanskje kutta ut fleire helger med nattevandring.

DEL

Det seier Ane Bysheim, som er fungerande dagleg leiar i Meland Frivilligsentral.

– Synd om vi må avslutte

Tirsdag denne veka inviterte dei til informasjonsmøte om nattevandring på Frekhaug. Politiet, Nordhordland Røde Kors og Frivilligsentralen var til stades på Rådhuset på Meland, og dei hadde eit stort håp om at mange skulle komma.


– Vi har for få frivillige til å halda oppe tilbodet slik det har vore dei siste åra. Det hadde vore synd om vi må avslutte eit positivt og førebyggande arbeid for å trygge oppvekstmiljøet på Frekhaug, seier Bysheim.


I utgangspunktet ønsker Frivilligsentralen å ha nattevandrarar ute i gatene kvar fredag og lørdag, samt dei typiske dagane det vanlegvis røyrer seg ein del, som natt til 17. mai, Jonsok og liknande dagar.

LES OGSÅ: – Dette vil vi også gjera hjå oss!

Må kutte ned

– Konsekvensen av at ingen kom på møtet, og det no er for få folk til å fortsette tilbodet, kan verta at vi må kutta ned, slik at det ikkje vert nattevandring i helgene, fortel Bysheim.


Ho synest det er synd at ingen viste interesse for møtet.


– Frykta vår er at noko skjer, og at vi ikkje då er til stades. Vi skulle helst hatt folk gåande kvar helg, innrømmer Bysheim, som har vore fungerande dagleg leiar i Meland Frivilligsentral sidan etter påske.

LES OGSÅ: – Betyr mykje å få hjelp

Skal føla seg trygg

Bysheim trur noko av årsaka til at ingen kom på møtet kan vera at mange er opptatt i tida før 17. mai.


– Vi forsøkte i utgangspunktet å nå ut til foreldra til barn på ungdomsskulen, fordi det er rundt deira barn vi ønsker å bygga opp ein tryggleik. Men dei er kanskje også den travlaste gruppa, seier ho.


Bysheim håper at dei kan få til eit nytt møte på eit seinare tidspunkt, og at det då kjem nokon som vil gjera ein innsats.


– Vi er ikkje ferdig med å prøva å rekruttera frivillige, dette er eit tilbod vi verkeleg ønsker å halda oppe. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at dette er eit tilbod ungdommen sjølv set pris på.


Ho påpeiker at nattevandrarane ikkje er til stades for å stoppa ungdom i å møtast.


– Vi ønsker at ungdommen skal føla seg trygg med edru vaksne til stades, seier ho.


Per dags dato er det 19 vaksne som rulllerar på å vera nattevandrarar.


– Dette tilbodet er ikkje berre bra for ungdommen, det er også bra for naboskap og det sosiale samværet i eit lite samfunn. Eg har fått tilbakemeldingar på at dei frivillige synest det er kjekt og sosialt – dette er ein aktivitet som gjer mykje bra for samfunnet, seier Bysheim.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken