KrF i Meland vil ha feilmeldingsteneste

BETRE KONTAKT: – Vi må senka terskelen og gjera det enklare for folk å koma i kontakt utan at ein må leita etter riktig kontaktperson, seier Stian Lavik i Meland KrF.FOTO: Morten Sæle

BETRE KONTAKT: – Vi må senka terskelen og gjera det enklare for folk å koma i kontakt utan at ein må leita etter riktig kontaktperson, seier Stian Lavik i Meland KrF.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MELAND: KrF vil at kommunen skal oppretta «Feilmeldinga», ei teneste der kven som helst enkelt kan melda inn feil til kommunen.

DEL

– For mange kan nok kommunen opplevast litt som eit troll med mange hovud, seier Stian Lavik, kandidat for Meland KrF ved årets kommuneval.

– Om ein oppdagar eit hol i vegen, så veit ein gjerne ikkje heilt kven ein skal seie frå til. Vi vil at det skal bli lettare for folk å koma i kontakt med kommunen. Då kan ei slik feilmeldingsteneste vera ein god måte å forenkla kommunikasjonen på, seier Lavik.

Veit ikkje om problemet

Det er ikkje alltid like enkelt for den kommunale organisasjonen å ha full oversikt over alt i kommunen til ein kvar tid. Folk irriterer seg gjerne over at kommunen ikkje har fiksa opp i noko, men ofte kan det nok henda at kommunen rett og slett ikkje veit om problemet.

Tenesta KrF ser føre seg er etter modell frå Bergen kommune, som alt har hatt ei slik teneste ei tid. Feilmeldinga vert skrive inn på nettsida til kommunen, der alle enkelt kan følga med på status i saka.

– Kjem ein over ein benk som er øydelagd eller eit hol i ein veg, så kan ein enkelt gje melding til kommunen ved å markera på kart på kommunen si nettside og skriva ei kort setning om kva som er feil. Så vil kommunen sin vaktsentral senda feilmeldinga den vidare til instansen som er ansvarleg for å følga opp, seier Lavik.

Informasjonsrådgjevar Anne Kringstad i Bergen kommune seier dei har veldig gode erfaringar med tenesta.

– Godt apparat bak

– Tenesta er så mykje meir enn eit hol i vegen. Vi har eit godt apparat bak, og innbyggarane kan melda inn feil utan at dei treng tenka på kva avdeling førespurnaden skal til, den vert sendt vidare til rett avdeling, og vi har veldig gode erfaringar med tenesta, seier Kringstad.

Meland KrF ser det er store moglegheiter for å oppnå ein betre kontakt mellom innbyggar og kommune.

– Vi ønsker alle å gjera kommunen vår til ein betre stad å bu. Det er stort potensial for å betra kontakten mellom innbyggarane og kommunen. Derfor må vi senka terskelen og gjera det enklare for folk å koma i kontakt utan at ein må leita etter riktig kontaktperson, seier Lavik.

Artikkeltags