Gå til sidens hovedinnhold

Oppdaga mystisk merking av hus i Meland

Fryktar innbrotstjuvar:

Artikkelen er over 6 år gammel

Då Lisbeth Hansen skulle sjekka tilstanden på huset til foreldra sine, oppdaga ho ein merkeleg lapp.

– Eg skulle berre rett innom foreldra mine sitt hus. Då eg opna døra, datt det ein lapp ut med desse teikna på, seier ho.

Speida etter bilar

Då frykta ho det verste, etter å ha lest i aviser og sett på fjernsyn om omreisande bandar som skal ha merka hus som dei vil gjera innbrot i. Huset ligg i Galtenesvegen på Frekhaug.

– Eg trudde det var noko på gang. Etterpå gjekk eg opp til naboen å sjekka. Der var det fjorten steinar på trappa i eit mønster. Dei var heller ikkje heime. Det tredje huset eg gjekk til, der var det folk heime og ikkje noko teikn eller mønster, seier ho.

LES OGSÅ: Kven har festa dette mystiske klistremerket på postkassa til Elise?

Ho legg ikkje skjul på at ho syntest det var litt skremmande med lappen og stein i mønster. Då ho ringde til politiet fekk ho beskjed om å fjerna steinen og lappen. Ho gjorde og det ho kunne for å visa at det faktisk var folk i huset.

– Eg opna alle dører for å visa at det var folk på plass, seier ho.

Ho kontakta og far sin som kom heim og sov i huset og heldt utkikk etter mistenkelege bilar.

– Såg han nokon?

– Nei, han såg ingenting, seier ho.

Naboane kom og heim etter kvart, utan at ein har merka noko forsøk på innbrot. Bilde av steinen og lappen har Hansen delt på ei Facebook-side for Meland.

– Det var rett og slett for å gje beskjed om at det kanskje var noko på gang, seier ho.

Det trur ikkje politiet at det er.

LES OGSÅ: undefined

GPS

– Me har ingen indikasjonar på dette i dag, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

– Men folk må følga med og nabohjelp er viktig i desse tider, seier han.

Han viser til erfaringa lokalt politi har med omreisande innbrotstjuvar.

– Vår erfaring er at dei legg inn aktuelle adresser på GPS-ane sine, seier han.

Vangberg seier at dei i det siste har fått ein del telefonar om folk som er rundt og tek bilde. Men då trur dei helst at det er yngre folk det vert tatt bilde av.

– Det er ein redsel for at det er mindreårige. Men folk bør vera observante, seier han.

Han seier dei har fått med seg oppslaga på Facebook om merking i Meland.

– Men det er ikkje gjort tiltak, sluttar han.

LES OGSÅ: undefined

Kommentarer til denne saken