Traktor velta: Ein person er køyrd til Haukeland sjukehus

Artikkelen er over 1 år gammel

Ulykke på Frekhaug måndag kveld.

DEL

(BA): Politiet fekk melding om hendinga via AMK klokka 18.52.

– Ein traktor velta, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen til BA.

Ulykka skal ha skjedd på Dale, og det var ifølge Haukeland universitetssjukehus ein mann tidleg i 50-åra som vart skadd.

Mannen blei ikkje sitjande fastklemd. Vedkommande blei først frakta til legevakta. Deretter blei personen køyrd til akuttmottaket på Haukeland.

Politiet melde først at personen var hardt skadd, men måndag kveld kunne Haukeland universitetssjukehus melde at personen var lettare skadd.

Artikkeltags