Spesialbil tar foto av vegane i Meland

Denne bilen vert å sjå på vegane i Meland framover.

Denne bilen vert å sjå på vegane i Meland framover. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Meland kommune går i gang med fotografering av vegnettet i kommunen.

DEL

Det melder Meland kommune på sine eigne nettsider.

Kommunen har engasjert selskapet Safe Control for å gjere jobben. Både kommunale og fylkeskommunale vegar i kommunen skal fotograferast.

Ifølge kommunen blir fotograferinga gjort med ein registreringsbil som tek 360 graders panoramabilder kvar femte meter på vegen. Samtidig registrer spesialbilen GPS-posisjon med høgde og fleire andre posisjonseringsdata.

Vegbilda skal brukast til forvaltning av vegnettet og bilda må takast når det er bart, opphaldsvêr og dagslys, opplyser kommunen.

Artikkeltags