Gå til sidens hovedinnhold

Grasdal skule 30 år og ny

03. november 2017, kl. 14:49

Torsdag opna Grasdal skule dørene med opningsfest og jubileumsfest på same tid. Ein sårt etterlengta utbygging og modernisering er no ferdig på den 30 år gamle skulen. I gymsalen vart det feira med festtalar og program frå elevane. Eigen song har skulen også fått, med spesialskrive førstevers etter ombygginga. Med tone frå Jan Eggum si «Kor e alle helter hen» har skulen laga sin versjon «Her er alle heltane». Etterpå var det open skule for alle interesserte som ville sjå kor fint dei har fått det. Elevane på dei ulike trinna viste fram aktivitetar og eksperiment både store og små kunne prøva seg på.